Disputas
Dramatisk betring for barn og ungdom med diabetes
Helse Fonna ligg an til ny rekord i talet på disputasar i år. Først ut er Heiko Bratke.

17. mars disputerer Heiko Bratke for ph.d.-graden ved Universitet i Bergen med avhandlinga «Pediatric Diabetes Care in Norway».
– Korleis går det med barn og ungdom med type 1 diabetes i Noreg? er det sentrale spørsmålet når barnelegen ved Haugesund sjukehus forsvarar doktorgradsavhandlinga si.
Viktige funn
Basert på data samla inn frå alle barneavdelingar for barnediabetesregisteret gir forskinga hans innsikt i eit tiår med oppsiktsvekkjande forbetring i behandling av type 1 diabetes, og kontinuerleg framsteg innan glykemisk kontroll blant norske barn. Doktorgradsarbeidet undersøkjer også helserelatert livskvalitet hos barn og unge med diabetes, og eventuell samanheng med glykemisk kontroll, kjønn, alder og diabetes teknologibruk.
Viktige funn inkluderer stor betring i gjennomsnittleg HbA1c-nivå, saman med dramatisk nedgang i akutte komplikasjonar som diabetisk ketoacidose (DKA) og alvorleg hypoglykemi (SH).
Studien tilskriv desse forbetringane til utbredd bruk av avansert diabetesteknologi, karbohydratberekning og systematisk kvalitetsforbetring i «IO Norway»-prosjektet. Helserelatert livskvalitet hos barn og ungdom med diabetes var tydeleg betre hos gutar, og barn med betre glykemisk kontroll.
Verdfull innsikt internasjonalt
– Resultata frå denne avhandlinga har viktige konsekvensar for framtidig diabetesbehandling. Dei understrekar behovet for personleg tilpassa tilnærmingar, spesielt med tanke på kjønnsskilnader i glykemiske resultat og HRQOL. Funna kan inspirere til vidare utvikling i diabetesomsorg i Noreg og gje verdfull innsikt for helsepersonell og beslutningstakarar globalt, heiter det i ei pressemelding frå Universitetet i Bergen.
Heiko Bratke er utdanna barnelege og subspesialist i pediatrisk endokrinologi og diabetologi frå Bremen i Tyskland. Sidan 2007 har han vore overlege ved barneklinikken ved Haugesund sjukehus. Doktorgradsarbeidet er utført i samarbeid med Norsk barne- og ungdomsdiabetesregister og Universitetet i Oslo. Hovudrettleiar er professor Toril Skrivarhaug (UiO), medan Eva Biringer (Helse Fonna), Hanna Dis Margeirsdottir (UiO) og Pål Rasmus Njølstad (UiB) er medrettleiarar.
Viktig for Helse Fonna
Forskingssjef Haldis Økland Lier er godt nøgd med at så mange i Helse Fonna skal disputere i år.
– Det er viktig at fleire medarbeidarar får akademisk kompetanse, kanskje særleg no når føretaket planlegg for innføring av Vestlandslegen, seier Lier.
Ho fortel at Helse Fonna ynskjer å legge til rette for at medarbeidarar skal kunne drive forsking, gjerne i kombinasjon med klinisk arbeid.
– Heiko Bratke viser med sitt arbeid at dette er mogleg. Dei siste åra har han hatt delt stilling som overlege ved barneavdelinga og som ph.d. student. Han har hatt finansiering frå Helse Vest, og gjennomført eit prosjekt med høg kvalitet og høg nytteverdi for pasientane våre. Det er stor stas med disputas, og vi gler oss til 17. mars, seier Haldis Økland Lier.