Endringar i utlevering av medisinsk forbruksmateriell frå 1. januar 2026
Frå 1. januar 2026 overtek dei regionale helseføretaka ansvaret for finansiering og utlevering av medisinsk forbruksmateriell innan fire område. Dette betyr at blåreseptar ikkje lenger vil vere gyldige for desse produkta etter 31. desember 2025.

Foto: Eirik Dankel
Endringa gjeld for pasientar med behov for forbruksmateriell knytt til:
- Blødarsjukdom
- Veksthormonbehandling
- Laryngektomi
- Nyretransplantasjon
Kva betyr dette for pasientane?
Frå 1. januar 2026:
- Får pasienten rekvisisjon frå sjukehuslege, ikkje resept frå fastlege.
- Får pasienten materiell frå behandlingshjelpemiddeleininga ved det lokale sjukehuset sitt, ikkje apotek.
- Er det ingen eigenandel ved utlevering frå behandlingshjelpemiddeleininga.
Viktig før årsskiftet
Pasientar blir tilrådde å hente ut nødvendig forbruksmateriell frå apoteket før 31. desember 2025.
Dersom det er lenge til neste kontroll på sjukehuset og pasienten risikerer å gå tom for forbruksmateriell før dette, må vedkommande kontakte eiga sjukehusavdeling slik at dei kan få rekvisisjon.
Oversikt over einingar for behandlingshjelpemiddel
Kontaktinformasjon til behandlingshjelpemiddeleiningane i Helse Vest er:
Helse Fonna HF:
52 73 46 50
behandlingshjelpemidler@helse-fonna.no
Helse Bergen HF:
55 97 41 77
bhm@helse-bergen.no
Helse Førde HF:
948 05 344
medhb@helse-forde.no
Helse Stavanger HF:
51 51 34 21
behandlingshjelpemidler@sus.no
Pasientar kan også søkje opp aktuell eining basert på postnummer på behandlingshjelpemiddelenheter i Norge.