Har halvert talet på fristbrot

Ventetida kryp framleis nedover, og talet på fristbrot er halvert sidan i fjor sommar. Men sjukehusa i Helse Fonna har den siste tida hatt eit uvanleg høgt tal korridorpasientar.

Magne Kydland
Publisert 27.03.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Styreleiar Petter Steen jr. (t.v.), adm. dir. Anders Hovland og nestleiar i styret, Anne Sissel Faugstad, er klare på at Helse Fonna må ende opp med eit positivt driftsresultat i 2025. Foto: Magne Kydland

Helse Fonna HF har framleis svært gode resultat av det systematiske arbeidet med å redusere ventetid til vurdering og behandling for pasientane, og har kort ventetid både på nasjonalt og regionalt nivå. Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i februar 59 dagar for behandla og 52 dagar for ventande pasientar.

Dette står å lese i månadsrapporten for februar, som blei presentert for styret denne veka.

Det er og ein vesentleg reduksjon i talet på fristbrot, både for pasientar som ventar på behandling og for dei der behandling har starta. Talet på fristbrot for ventande er nærmare halvert sidan sommaren 2024, og samanlikna med februar 2024 er det ein reduksjon på over 20 prosent.

– Det har vore et uvanleg høgt tal på korridorpasientar i sjukehusa så langt i år, både på Stord og i Haugesund. Dette heng saman med høg tilstrøyming av pasientar i januar, og eit høgt tal på utskrivingsklare pasientar. Vi ser heldigvis ein vesentleg nedgang i utskrivingsklare pasientar, frå nærare 700 liggjedøgn i januar til 456 i februar, men dette blir likevel over 16 pasientar per døgn. Det er tett dialog med kommunane det gjeld, og utfordringane knytt til beredskap kring dette vil følgjast vidare i samarbeid med kommunane, opplyser administrerande direktør Anders Hovland.

Lågt sjukefråvær

Det økonomiske resultatet syner eit samla negativt avvik på 13 millionar kroner så langt i år, -5,9 millionar kroner i januar og -7,2 millionar kroner i februar.

– Analyse av dei underliggjande driftsparametrane syner fortsett god kvalitet og positiv utvikling. Avviket i januar er i stor grad knytt til uttak av helserelaterte legemiddel og periodisering, medan det i februar er eit avvik i inntektene i forhold til budsjett. Det er likevel heilt naudsynt at føretaket greier å drive innanfor budsjettmåla for å kunne utvikle tenestene og føretaket vidare, og dette må ha fokus framover, seier Hovland, som legg til at han er godt nøgd med utviklinga i sjukefråværet det siste året.

– Det er framleis lågt sjukefråvær samanlikna med føregåande år, og dette er positivt. Det er og svært positivt at føretaket i stor grad har greidd å vri stillingsfordelinga frå deltid til heiltid, og frå mellombels til faste stillingar, samstundes som ein har hatt god kontroll på netto månadsverk. Dette er ei god utvikling for framtidas tenester, slår Helse Fonna-direktøren fast.

Får ros frå styreleiar

Styret ber administrasjonen om å oppretthalde høgt fokus på god økonomisk drift for å sikre vidare økonomiske berekraft framover for å nå resultatkravet og evne til investering. I tillegg ber styret administrasjonen om å oppretthalde høgt fokus på god økonomisk drift og auka nærvær, følgje opp Ventetidsløftet og halde fram arbeidet med å sikre god tilgang til tenestene og reduserte ventetider.  

–  Det er svært gledeleg å sjå den positive utviklinga med reduserte ventetider og redusert tal på fristbrot. Dette er svært viktig for tilbodet til 180.000 menneske i Fonna-regionen, seier styreleiar Petter Steen jr., og kjem med ros til alle medarbeidarane.

–  Føretaket byrjar no å få god kontroll på økonomien, men eg er samd med administrerande direktør si vurdering om at vi må sjå eit positivt driftsresultat i 2025. Eg vil og trekkje fram det reduserte sjukefråværet som ein god indikator for god drift. Både leiinga, dei tillitsvalde og alle dei tilsette gjer ein framifrå jobb for å bringa Helse Fonna framover, avsluttar styreleiaren.

Positive til sal av eigedom

Ullensvang kommune ynskjer å etablere eit beredskapsbygg for brann, ambulanse og eventuelt politi, samt dei naudsynte funksjonar som Helse Fonna treng knyta til poliklinikk og kontor. Vest politidistrikt har ytra ynskje om lokalisering i same bygg. Kommunen vurderer vidare etablering av leilegheitskompleks der Helse Fonna kan leige seg inn.

For å få dette til må kommunen kjøpe tomta ved Odda sjukehus som i dag husar gamle sjukeheimen, ambulansestasjon, søsterheimen og ein gamal einebustad.

– Samlokalisering av fleire blålysetatar vil styrkje samvirke og samhandling rundt drifta av Odda sjukehus. Etableringa vil og styrkje beredskapen i Ullensvang kommune og Odda sjukehus. Helse Fonna HF eig fleire bygningar med høg tilstandsgrad og store behov for rehabilitering eller avhending. Det er i «Plan for strategisk forvaltning av sjukehusareal» lagt til grunn ein strategi der føretaket avhendar bygningar som det vil vera utfordrande å halde i god nok tilstandsgrad framover og investerer i rehabilitering av bygg som ein skal behalde. Føretaket ynskjer å behalde og renovere sjølve sjukehusbygget i Odda, og avhende annan bygningsmasse. Føretaket vil leige naudsynt areal i det nye blålysbygget som Ullensvang kommune no ynskjer å etablere. Vidare er det av interesse å kunne leige naudsynte leilegheiter til overnatting. Det er administrerande direktør si vurdering at eit sal av dei aktuelle eigedommane til Ullensvang kommune vil vere i både kommunen og helseføretaket sine interesser, står det å lesa i saksutgreiinga.

Saka vart samrøystes vedteken av styret, som gir administrerande direktør fullmakt til å gjere naudsynte justeringar knytt til eigedomsgrensa og tilhøyrande kjøpekontrakt. Helse Fonna vil også delta i forprosjektet i lag med Ullensvang kommune.

En bygning med en benk foran
Styret i Helse Fonna er positive til å selja delar av eigedommen ved Odda sjukehus, som den gamle sjukeheimen, med tanke på å etablere eit beredskapsbygg for brann, ambulanse og eventuelt politi.

Blant andre saker som vart behandla på styremøtet var årsresultat og årsmelding for 2024, rapport for likestilling, inkludering og mangfald 2024, investeringsbudsjett og godtgjerslerapport for leiarar og styret i Helse Fonna.

Det var også ein gjennomgang av årets styringsdokument. Her er hovudstikkorda rask tilgang til tenestene, behalde og utvikle medarbeidarar, utvikle beredskap og vidare satsing på digitalisering.