Hurra for jordmora!
I dag blir jordmorens dag markert verda rundt. Det gjorde vi også på Haugesund sjukehus.

Med over 2000 fødslar er Guri Opedal jordmora med lengst fartstid på føde- og barselseininga på Haugesund sjukehus. Etter 38 år som jordmor, stortrivst ho framleis i yrket sitt.
– Jobben gir meg mykje, og som jordmor blir du aldri utlært. Og spenninga med å høyre gråten for første gong blir aldri rutine. Det er ei flott oppleving å få vere med på ei så stor livshending, fortel ho.
Som jordmor følgjer ho opp gravide kvinner frå tidleg i svangerskapet til dagane etter dei har fødd. Sjølv om jordmødre har ansvar for å følgje opp normale fødslar og kvinner i barselstida, handterer dei óg risikofødslar og akutte hendingar i samarbeid med gynekologar, barnepleiarar og andre avdelingar på sjukehuset.
– Som jordmor må du gi mykje av deg sjølv. Du må tilpasse deg ulike situasjonar og personar. Men sjølv om du kan oppleve tøffe ting, står du aldri aleine, seier Opedal.
Sett den nye utreisevideoen?
I fjor tok dei om lag 40 jordmødrene på eininga imot over 1300 barn. Dei er opptekne av at fødande skal ha ei god oppleving på sjukehuset – men óg etter at barselstida er over.
Jordmødrene har, saman med kommunikasjonsavdelinga, laga ein ny utreisevideo for nybakte mødrer, der dei har samla og presentert kunnskapen sin om barselstida.
Utreisevideoen er eit supplement til utreisesamtalen med jordmor, og ligg tilgjengeleg på nett slik at nybakte mødrer kan sjå han når dei vil og så ofte dei vil.
– Vi opplever at ikkje alle er like mottakelege for å ta imot mykje informasjon kort tid etter fødselen, og det kan vere vanskeleg å hugse på alt som blir sagt under utreisesamtalen med jordmor, seier funksjonsleiar Karin Skjolddal i føde og barselseininga i Haugesund.
– Difor laga vi videoen som inneheld all den viktige informasjonen vi tilbyr pasientane våre, og er basert på både forsking og erfaring.
Vi treng fleire jordmødre
Det er nasjonal mangel på jordmødre. For å styrke rekrutteringa lokalt, tilbyr føde- og barselseininga i Haugesund rekrutteringstillingar til sjukepleiarar som ønskjer å jobbe på barsel og har eit langsiktig mål om å bli jordmor. I tillegg tilbyr vi utdanningsstillingar til sjukepleiarar som begynner på jordmorutdanninga, der ein får 90 prosent lønn under utdanning og binder seg i tre år etterpå.
Du kan lese meir på Ledige stillingar hos Helse Fonna HF.
Føde- og barselstilbodet i Helse Fonna
- Vi har føde og barselstilbod ved Haugesund og Stord sjukehus. Ved Odda sjukehus har vi jordmor og barselstilbod.
- Haugesund sjukehus hadde 1302 fødslar i 2024. Ved Stord sjukehus hadde ein ca. 400 fødslar same år.
- Bli betre kjend med Føde og barselseiningane våre: