Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styremøte

I kvalitetstoppen på protesekirurgi

Årets nest siste styremøte var i Stavanger, der styret også deltek på eit styreseminar.

Eirik Dankel
Publisert 12.11.2025
En mann som sitter ved et skrivebord
Nasjonale kvalitetsregister for leddproteser, hoftebrot og korsbandregister syner svært gode resultat for Helse Fonna: - Med desse kvalitetsindikatorane tenkjer eg at sjukehusa våre bør vere førstevalet for dei fleste pasientane i regionen som treng desse inngrepa, sa administrerande direktør Anders Hovland. (Foto: Eirik Dankel)

Kvalitet i behandlinga var eitt av tema på styremøtet.

Kvalitetsindikatorar som bør gjere Helse Fonna til førsteval

No føreligg resultata frå nasjonale kvalitetsregister for leddproteser, hoftebrot og korsbandregister.

– Dei kjem seint på året, men no er dei her, starta fagdirektør Andreas Andreassen.

Han synte fram resultat i styremøtet.

– Resultata er svært gode i Helse Fonna, var konklusjonen.

Administrerande direktør trekk fram at dei gode resultata er bra for dei som treng hjelpa. Både no og i framtida.

– For nokre område har vi lågt volum og vi har moglegheit til å behandle fleire. Med desse kvalitetsindikatorane tenkjer eg at sjukehusa våre bør vere førstevalet for dei fleste pasientane i regionen som treng desse inngrepa, slik som hofteprotese. Dette er operasjonar vi gjennomfører både i Haugesund og på Stord.

Evaluering av alvorleg hending

Beredskapsleiar Fritz Arne Lilleskog var med i styremøtet og orienterte om evalueringa etter den alvorlege hendinga ved Haugesund sjukehus i mai.

Rapporten som no føreligg baserer seg på intervju i tida etter hendinga. Den skal systematisere informasjon om kva som hende, gjeldande praksis, fysiske forhold og planverk. Slik kan vi identifiserer sårbarheiter og sette i gong tiltak for tidleg oppdaging, og effektiv handtering av hendingar som kan oppstå i framtida.

– Det var viktig for oss å ha tid og ro til ein god og grundig evaluering, og arbeidet som er gjort med rapporten er solid. I denne er det mange gode forslag til tiltak og innspel til kva vi kan lære av og kva som kan bli betre, sa administrerande direktør Anders Hovland.

Rapporten har vore til presentert for tillitsvalde, avdelingane som er involvert og arbeidsmiljøutvalet i Helse Fonna.

Innsiktene frå rapporten og forslaga til tiltak vil no bli teke vidare. Nokre av tiltaka kan effektuerast direkte, medan andre vil krevje arbeidsgrupper for å sikre god kvalitet, faglege innspel og forankring.

– Å dele evalueringa syner at vi er opne og skal lære, kommenterte styreleiar Petter Steen jr., og hald fram:

– Når vi no skal sjå på vidare tiltak gjeld det å halde hjarta varmt og hovudet kaldt.

En gruppe personer i et møte
Beredskapsleiar Fritz Arne Lilleskog orienterte om evalueringa etter den alvorlege hendinga ved Haugesund sjukehus i mai. (Foto: Eirik Dankel)

Digitale helsetenester aukar

Å tilby digitale helsetenester der vi kan er eit satsingsområde. Dei digitale helsetenestene skal bidra til meir tilgjengeleg tilbod og betre tids- og ressursbruk for både behandlingspersonell og pasientar.

Eit eige digitalt helsetenesteteam er etablert for å hjelpe avdelingar med å etablere digitale helsetenester.

– Vi skal bli gode på dette, sa administrerande direktør Anders Hovland.

Samla er aktiviteten innan dei digitale helsetenestene høg og det blir stadig implementert nye digitale forløp i Helse Fonna. Det er vesentleg å breidde desse ut til alle sjukehusa i føretaket, for best mogleg nytte

Kva tenester nytter vi?

Bruken av digitale kontaktar og skjema har hatt ei stor auke, men det er også ei stor mengde nye forløp, skjema og oppfølging som er under implementering.

Avlesing og tolking og fjernrapporterte data frå CPAP eller BIPAP/NIV har høg registrering i Helse Fonna. Dette blir gjort i hovudsak av søvnpoliklinkken i Odda, men også lungeavdelinga og ØNH-avdelinga i Haugesund nyttar seg av denne digitale tenesta.

Førre månad fekk søvnpoliklinikken årets Kvalitetspris for arbeidet med utvikling av sine digitale tenester.

Vi skal auke vidare

Behovsstyrt oppfølging er noko vi har jobba med i 2025, orienterte Hovland.

For to år sidan var det  var det berre barneavdelinga og ortopedisk avdeling som hadde starta opp forløp. No blir dette breidda til stadig fleire fagområde ved Haugesund sjukehus, og ved Stord sjukehus startar dei i haust opp innan ortopedi.

– Å breidde dette betyr også at vi må lære oss nye måtar å jobbe på. Denne endringa kan vere krevjande og gjer at arbeidet med å implementere digitale helsetenester ikkje berre er rett fram, kommenterte fagdirektør Andreas Andreassen.

Det er innan psykisk helsevern vi ser størst volum av dei digitale helsetenestene i Helse Fonna. Der nytter dei systemet NORSE feedback i oppfølging av pasientane.

Internrevisjonsprosjektet «Pakkeløp for kreft»

Styret blei presentert rapporten for internrevisjonsprosjektet om «Pakkeforløp for kreft».

Føremålet med revisjonen har vore å undersøkje om pakkeforløpa for brystkreft, prostatakreft, tjukk- og endetarmskreft og lungekreft blir etterlevde, og om pasientane er likestilte uavhengig av kva føretak dei tilhøyrar.

Internrevisjonen er gjort for føretaka i Helse Vest. Leiar for internrevisjon, Bjørn Munthe, presenterte funna.

– Pakkeforløpa er godt forankra i alle føretaka i Helse Vest, slo han fast.

Helse Fonna når det nasjonale måltalet om at 70 prosent av alle nye krefttilfelle skal utgreiast i eit pakkeforløp, for dei fire pakkeforløpa som er undersøkt. For tida frå tilvising til oppstart behandling, når Helse Fonna det nasjonale målet for tjukk- og endetarmskreft, medan vi for brystkreft, prostatakreft og lungekreft ikkje når dette målet.

Fagdirektør Andreas Andreassen forklarte at utgreiinga nok tek litt lenger tid i dag enn det som var venta når pakkeforløpa kom.

 – Det skuldast ofte at vi kan gjere meir no enn før, både i utgreiing, men også i behandlinga. Så utgreiinga kan ta noko lenger tid, men behandlinga mange får etterpå er blitt betre og meir avansert.

Revisjonen viser at kva føretak pasienten tilhøyrar har betydning både for om pasienten får fullført pakkeforløpet innan tilrådd forløpstid, og kva utgreiings- og behandlingstilbod pasienten får.

Fleire punkt frå revisjonen skal no arbeidast vidare med.

– Vi er i gong med ein handlingsplan, i tråd med tilrådingar frå internrevisjonen, sa Andreassen.

Denne skal bli presentert i styret.

– Eg ser fram til handlingsplanen, kommenterte styreleiar Steen jr.

En gruppe menn som sitter i et rom
Det var fleire evalueringar som blei presentert under styremøtet, som den om ferieavviklinga i 2025. (Foto: Eirik Dankel)

Ferieavviklinga 2025

Sommartid er også ferietid. Ferieavviklinga for 2025 er no evaluert og denne evalueringa blei presentert for styret.

– I evalueringa er det mange som er involvert, og den er gjort over lang tid, sa HR-direktør Siren Eldøy Hinderaker.

Saman med dei tillitsvalde og verneomboda skal Helse Fonna som arbeidsgivar bidra til ei god ferieavvikling. Fleire tiltak skal gjere det. Eit av dei er nok personell.

– Vi skal ha tilstrekkeleg kvalifisert personell for å oppretthalde god kvalitet og pasienttryggleik i behandling og pleie i ferieavvikling, fastslo Hinderaker.

– For å sikre bemanning til sommaren har det difor vore viktig å rekruttere i heile faste stillingar.

Erfaringar frå ferieavvikling varierer mellom avdelingar, og du kan lese meir frå evalueringa i styresaka.

I evalueringa kom det også forslag til kva som kan gjerast for 2026. Blant anna tidlegare rekruttering av ferievikarar, betre opplæring, samarbeid mellom avdelingar, og sjå på bruk av ferieordning og langvakter.

– Vi bruker mye tid og ressursar mellom somrane for at ferieavviklinga skal bli god. No må bruke denne evalueringa godt i dette arbeidet vidare, understreka administrerande direktør Anders Hovland.

Betre vareflyt og forsyning

I sjukehusa er det stor flyt av varer, og det er mykje logistikk. Eit forbetringsprosjekt skal sikre god og riktig forsyning for åra som kjem. Prosjektet skal gjere oss endå betre til å planlegge.

– Alle skal gjere det dei er gode på og vi har mange dyktige logistikkmedarbeidarar, sa direktør for bygg, drift og eigedom, Laila Nemeth.

– Då får helsepersonell frigjort tid til pasientane. Det er effektiv bruk av ressursar.

Gevinstane er mange: Reduksjon av utgåtte artiklar og kassasjon​, felles tydeleg ansvar og oppgåveforståing og mindre kassasjon av eingongsutstyr er nokre.

Prosjektet er ein del av ei regional, men også nasjonal satsing.

– Dette er også viktig for beredskapen vår, sa styreleiar Petter Steen jr.

– Vi kan vente oss fleire vanskar i forsyningskjeda framover, og dette er eit viktig arbeid for å sikre beredskapen vår.

Tal for verksemda

Verksemdrapporten er denne månaden forkorta grunna at data for aktivitet og økonomi ikkje er tilgjengeleg innan ferdigstilling av rapporten for utsending.

Ventetid

Det er høg aktivitet i Helse Fonna, noko som blant anna bidreg til ei reduksjonen i talet på pasientar som ventar på behandling. Det er 793 færre pasientar som ventar per oktober 2025 enn på same tid i fjor, og kurva for ventande ved månadslutt syner ei nedgang. Tilsvarande periode føregåande år auka denne.

Ventetid for behandla er 63 dagar og 53 dagar for ventande. Det blir arbeidd svært godt med å redusere ventetidene i føretaket, men arbeidet er både ressurs- og tidkrevjande.

Fristbrot

Vidare er arbeidet med fristbrot er godt, og talet på fristbrot held seg relativt lågt. Innanfor ei rekke fagområde er det også kraftig redusert.

Helse Fonna har satt som mål at talet på fristbrot skal reduserast vidare, men samstundes er det vesentleg at dei sjukaste pasientane med behov for oppfølging blir prioritert – sjølv om dette kan komme i konflikt med målet om å redusere ventetider og fristbrot.

Dei fleste fristbrota finn vi i somatikken. Innan fagområda i psykisk helsevern er det nå ingen eller få fristbrot.

Utskrivingsklare pasientar

Talet for utskrivingsklare pasientar i oktober er 75, som til saman utgjer 272 døgn og om lag 9 pasientar per døgn. Det er tett dialog med dei kommunane som har størst utfordring med å ta imot utskrivingsklare pasientar. Arbeidet med tiltaksplan for situasjonar med mange utskrivingsklare pasientar startar opp i november.

Sjukefråvær

Sjukefråvær for oktober er ikkje tilgjengeleg enda, men det samla sjukefråværet i september 2025 var 6,5 %. Talet er 0,6 prosentpoeng lågare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, over målet for IA-avtalen, og over målet for Helse Vest.

Helse Fonna har det lågaste sjukefråværet i Helse Vest denne perioden – som totalt ligg på 7,0 %.

Førebygging av sjukefråvær heng tett saman med arbeidsmiljøet og fleire tiltak er i gong. Vi har eit godt samarbeid med NAV og har inngått IA-avtale (inkluderande arbeidsliv) for perioden 2023-2025, med intensjon om vidareføring til 2028. Også andre program og kurs retta mot medarbeidarar og leiarar blir gjennomført.

Økonomi

Resultatet for oktober syner eit avvik på 9,5 millionar. Tala blei klare dagen før styremøtet og blir analysert grundig til desembermøtet. Ei rekkje tiltak er iverksett eller under førebuing for å redusere avviket i inneverande år, og for implementering i budsjettet for 2026.