Desse får støtte til forsking og innovasjon
Kvart år deler Helse Vest ut midlar til forsking og innovasjon. Helse Fonna har i år fått tildeling til fleire prosjekt.


Første reaksjon til forskingssjef Haldis Økland Lier:
– Det er heilt fantastisk. Eg er utruleg glad og stolt i dag!
Årets utdelinga av forskingsmidlar
Litt etter har ho summa seg litt.
– Eg synest det er svært gledeleg at tre av fem prosjekt gjekk til Helse Fonna.
Utlysinga i år var retta mot mindre føretak og private ideelle som har avtale med Helse Vest. Det var mogleg å søke i to kategoriar (strategisk prosjekt og strategisk kompetansebygging med tanke på Vestlandslegen).
I Helse Fonna har to legar fått finansiering til phd-arbeid som dei skal gjere i delt stilling mellom forsking og klinikk.
I tillegg er det finansiering til eit stort prosjekt som seniorforskar Heidi Bringsvor er prosjektleiar for. Dette prosjektet blei av komitéen vurdert som svært relevant og viktig, med fokus på nedskalering av lågverditiltak.
– I tillegg til å bygge akademisk kompetanse og forskingsmiljø hos dei som har fått tildeling, byggjer Helse Fonna også rettleiingskompetanse i desse prosjekta, seier Lier.
Dei som er innstilt til forskingsmidlar i Helse Fonna:
- Svenja Skadsem: CT and MRI findings in the Paramedic Norwegian Acute Stroke Prehospital Project (ParaNASPP) study.
- Tor Hatlestad Qvale: Risk of kidney disease is determined at birth – exploration of mechanisms.
- Heidi Breistrand Bringsvor og Miriam Hartveit: Når mindre er betre – Strategisk satsing med fokus på nedskalering av lavverdi tiltak i sjukehus.

Desse fekk innovasjonsstøtte i Helse Fonna
23 innovasjonsprosjekt får til saman 19 millionar kroner frå Helse Vest for perioda 2025-2027. To av prosjekta er i Helse Fonna.
Heile 61 søknadar kom inn frå helseføretaka på Vestlandet. Det vitnar om stor vilje til innovasjon, og det er ein skikkeleg god ting.
Mange av dei handlar om korleis vi kan senke ventetidene, melder Helse Vest.
– Vi er svært nøgd med at så mange har søkt innovasjonsmidlar, og at så mange av søknadane held høg kvalitet, seier Lena Forgaard, seniorrådgivar og innovasjonsansvarleg i Helse Vest RHF.
Desse får innovasjonsstøtte i Helse Fonna.
- Kenneth Wilfried Kross er overlege og avdelingsleiar ved øyre, nase, hals. Hans innovasjonsprosjekt ber namnet: «Minimale ventetider og maksimal resultat: Til en bedre hørselsomsorg i Norge».
- Ester Marie Stornes Espeset er psykologspesialist ved BUP Haugesund. Ho er sentralt i Barn og unges helseteneste, og hennar prosjekt er ein del av dette: «Trinnvise intervensjonsprogrammer på tvers av kommune og spesialisthelsetjeneste for de vanligste psykiske helseplagene blant barn og unge.»