– Eg som tok på meg ulljakke i dag
Jeanette Pedersen er årets sjukepleiarleiar i Rogaland.

Har du møtt ho nokon gong? Vanlegvis går jabba heile tida.
– Det er ikkje ofte eg er heilt mållaus.
Kom det frå vinnaren. Etter at målet var kome tilbake.

Ganske så poppis
I rommet var det derimot mange som hadde målet framleis.
– Skal du gå fort, går du åleine. Skal du gå langt, går du saman, sa overlege Goran Kovacevic.
På Medisin avdeling A går dei tydelegvis saman, for heile rommet var fylt av kollegaer som ville vere med på feiringa. Prisen er eit bevis på det – at dei har kome langt.
– Eg er leiar for ganske mange no, summerte Pedersen.
Ho rekna talet til over 100. Beskjeden til ein god slump av dei, klokka ti over halv tolv, var klar:
– Spis kaka.

– Eit forbilde for heile helse-Noreg
Aud Hølland Riise er leiar i Norsk sjukepleiarforbund, avdelinga Rogaland.
– Du er involvert i så mykje. Blant anna er du rettleiar og held kurs. Eg synst du burde halde kurs for heile helse-Noreg i korleis ein sjukepleiarleiar bør vere.
Rommet var blitt til ein sauna for Pedersen.
– Og eg som tok på meg ulljakke i dag.
