Blir ny klinikkdirektør for kirurgisk klinikk
Annelin Voraa Steinsnes er tilsett som klinikkdirektør for kirurgisk klinikk i Haugesund.

Annelin Voraa Steinsnes kjem frå stillinga som avdelingsleiar for Mottaksavdelinga på Haugesund sjukehus, og ho byrjar i si nye rolle 28. september.
Det var sju søkjarar til jobben, og Steinsnes er både glad og spent.
Lang fartstid
– Eg er svært glad for å få sjansen til å tre inn i denne stillinga. Det er ein organisasjon med dyktige medarbeidarar, viktige oppgåver og store moglegheiter. Eg ser fram til å bli kjend med både tilsette og samarbeidspartnarar, og til å bidra til vidare utvikling og gode resultat, seier Steinsnes.
40-åringen har lang fartstid i Helse Fonna og kjenner organisasjonen svært godt. Ho byrja på ortopedisk sengepost allereie i 2007, då ho var sjukepleiarstudent. Då ho var ferdig utdanna i 2010 fekk ho jobb på akuttmottaket og var der fram til ho fekk eit vikariat som funksjonsleiar på Hemato-endo-infeksjon-sengepost i perioden 2018-2020. Sidan 2021 har ho vore avdelingsleiar i Mottaksavdelinga. Steinsnes har også vore innom kirurgisk poliklinikk og dagkirurgisk avdeling.
40-åringen er utdanna anestesisjukepleiar og har tilleggsutdanning innan sårbehandling, og snart er ho ferdig med master i helseadministrasjon. Internt i føretaket har ho teke forbetringsutdanning og regionalt toppleiarprogram.
– Trygg og erfaren leiar
– Eg er svært nøgd med å få Annelin som ny direktør for klinikk for kirurgi, og for å ha henne med på laget i toppleiargruppa, seier administrerande direktør Anders Hovland.
– Annelin er ein trygg og erfaren leiar, som har fått og tatt det viktige oppdraget med å leie og utvikle klinikken vidare saman med dei dyktige medarbeidarane, i samarbeid med resten av føretaket, legg Hovland til.
Kirurgisk klinikk i Haugesund omfattar Anestesi, intensiv og operasjonsavdeling, Fertilitetssenteret, Føde- og gynekologisk avdeling, Gastrokirurgi og urologi, Kirurgisk avdeling, Ortopedisk avdeling, Palliativt team, Øre-nese-hals avdeling og Augeavdeling.
Stillinga inneber ansvar for ein klinikk med i overkant av 700 medarbeidarar og eit budsjett på rundt 600 millionar kroner. Klinikkdirektøren har totalansvar for fag og kvalitet, personell, drift og økonomi.
Steinsnes tek over jobben etter Kjersti Tollaksen, som skal leie ei ny regional teneste som er lagt til Helse Fonna, Regional kompetanseteneste for helsekompetanse og meistring.