Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Styremøte 11.11.2026

Ein dult halverte CEA-rekvirering i primærhelsetenesta

Styret og publikum fekk presentert eit skikkeleg klokt val under onsdagens styremøte.

Eirik Dankel
Publisert 12.11.2026
Ein person som held ein presentasjon
Sutirtha Chakraborty stod for fagleg innslag under styremøtet i november. (Alle foto: Eirik Dankel)

Ein klok fagleg start

Sutirtha Chakraborty er seksjonsoverlege ved avdeling for laboratoriemedisin. I styremøtet i november var han først ut og presenterte eit klokt val.

Det han har gjort er å gi ein liten dult og undersøka effekten av den. Dulten er til rekvirentar av CEA, ein tumormarkør som brukast spesielt til kontroll og oppfølging etter behandling av tjukk- og endetarmskreft (kolorektal cancer). Den er ikkje egna til screening, men likevel har den blitt mykje rekvirert.

– Eit lite, men viktig prosjekt, sa Chakraborty.

Kvifor så mange rekvisisjonar?

Helse Fonna låg tidlegare øvst i landet for rekvisisjon av CEA, med 42 prøver per 1000 innbyggarar – mot 24 nasjonalt.

Meir om resultatet snart. For først, kvifor tek vi så mange fleire prøvar i Helse Fonna enn andre stader?

Det var spørsmålet seksjonsoverlegen stilte seg.

– Det har vore overforbruk av CEA i primærhelsetenesta i vår region. Vi tenkte at dette kan ha med rekvirering blant fastlegane.

Mange hadde møtt opp for å høyre på Chakraborty.

Neste steg

Kva vi kan gjere?

– Vi kunne sende brev til rekvirentar, men det fungerer dårleg, forklarte Chakraborty i styremøtet.

Med det er vi tilbake ved dulten. Dulten i denne samanheng var ei melding i journalsystemet til rekvirentane, rett før dei skulle bestille CEA-analyse. Der stod det at CEA, som nemnt, ikkje anbefalast til screening av tarmkreft.

– Den er ikkje ei sperre, men rekvirent må akseptere meldinga, fortsette han.

Fungerte dulten?

Meldinga blei lagt inn i hele opptaksområdet til Helse Fonna 1. oktober 2025

– Etter ni månader summerte vi og samanlikna med ni månader før melding. PSA-analyse blei teke med som samanlikning.

Seksjonsoverlegen gler seg over resultatet.

– Hovudresultatet viser 52,7 % reduksjon i CEA-rekvisisjonar. Også etter tiltaket.

Til samanlikning: Talet for PSA-bestillingar heldt seg som før.

– Ein liten vennleg dult har fungert.

Eit klokt val

I vår region var det tidlegare bestilt altfor mange CEA-analyser, meiner Chakraborty.

– At ein liten tekst i rekvireringssystemet skapte ein nedgang er enkelt og kostnadseffektivt, og eit klokt val som kan brukast for fleire analyser.

Harald Nes er samhandlingsoverlege og Kloke val-ansvarleg i Helse Fonna. Han applauderer funna.

– Dette er eit skoleeksempel på implementering av kloke val vi kan gjere i helsetenesta.

Administrerande direktør Anders Hovland er samd.

– Eit utroleg flott arbeid av Suthirtha og fagmiljøet på laben som viser korleis Kloke val fungerer i praksis og verdien dette har for tenestene og pasientane. Dette er  inspirerande.

Siv Helen Eriksen er smittevernlege i Helse Fonna og presenterte ein av dei store utfordringane vi har i helsetenestene, antimikrobiell resistens.

Slik møter vi ein av dei store medisinske utfordringane

Frå laboratoriemedisin vende styret merksemda til smittevern.

Antimikrobiell resistens (AMR) er ein av dei største helseutfordringane i verda. Den blir primært driven av over- og feilbruk av antimikrobielle middel. Førebygging av spreiing av resistente mikrobar mellom pasientar, tilsette og pårørande er ein sentral del av arbeidet mot antimikrobiell resistens.

Siv Helen Eriksen er smittevernoverlege og jobbar saman med fire kollegaer i smittevern. Ho presenterte arbeidet dei gjer med problemstillinga.

– Norge ligger bra an, men det aukar også her til lands, starta ho og gjekk vidare til vår region.

– I Helse Fonna ser vi noko auke, men heldigvis er tala låge for sjukehusa våre. Når det har vore utbrot ved andre sjukehus er det sett inn tiltak for pasientar som kjem hit.

Ho synte fram bruk av antibiotika. Alle tilsette involvert i pasientbehandling har ansvar for rett bruk av antibiotika etter nasjonale retningsliner.

– Saman med kollegaene mine jobbar vi med å gi undervising og råd, forbetre bruk av antibiotika, dele ny kunnskap og har faste møte med antibiotikakontaktar på avdelingane.

Det handlar også om å bruke antibiotika der ein skal, forklarte Eriksen.

– Ikkje alt treng antibiotika, poengterte ho.

Ein ting er bruk av antibiotika, men:

– For oss i smittevern er det viktig å forebygge infeksjonar som krev antibiotika og vise kva som er god smittevern.

Den neste tida er smittevern særleg framheva for medarbeidarane i Helse Fonna. Temaet engasjerte nestleiar i styret, Anne Sissel Faugstad.

– Eg kosar meg når eg høyrer på deg. Ikkje fordi tema er koseleg, men det er dette som er sjukehus. Eg ønskjer at også styret er med å følgje opp dei gode tiltaka de gjer.

Styreleiar Petter Steen sa dette er viktig å få fram også utanfor sjukehusveggane.

– Antimikrobiell resistens er noko alle burde vite om.

Nøkkeltal

Ventetid

Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i oktober 57 dagar for behandla og 50 dagar for ventande pasientar. Det var fem dagar kortare ventetid for behandla i oktober i år samanlikna med fjoråret, og ni dagar kortare enn i 2024.

– Ventetid har vi sterkt fokus på. Vi er i andre fase av Ventetidsløftet og her er vi gode. Tala i Helse Fonna er låge, understreka administrerande direktør Anders Hovland.

Dette gjeld også fristbrot der talet på fristbrot for ventande i oktober var 163, noko som er 147 færre enn oktober 2025.

– Vi ser framleis nedgang og det er utruleg kjekt å sjå, sa Hovland, før han fortsette:

– Trass tiltak er ikkje nedgangen i ventetid til operasjon vesentleg, og nivået ligg på same nivå som i fjor. Her ser vi på kva vi kan gjere med kapasiteten vi har i Haugesund og på Stord. Denne jobben fortsett vi med.

Administrerande direktør Anders Hovland kunne vise til ei bedring i den økonomiske utviklinga.

Økonomisk resultat

Det økonomiske resultatet for september månad syner eit negativt driftsresultat på 23,4 millionar kroner.

Rekneskapen syner at lønns- og personalkostnadene er 12,8 millionar kroner lågare enn i same periode i 2025. Dette bidreg positivt til den økonomiske utviklinga i perioden.

– Det er ei særleg positiv utvikling innan overtid og innleige. Dette er utruleg bra jobba, rosa administrerande direktør.

Driftskostnadene, eksklusiv avskrivingar, ligg i gjennomsnitt på om lag 15,0 millionar kroner per kalenderdag korrigert for juni månad. I inneverande månad ligg driftskostnadene på 14,9 millionar kroner.

– Ulike økonomiske tiltak er sette i gong i år. Den estimerte effekten av dei økonomiske tiltaka for september månad er i all hovudsak oppnådd.

Sjukefråvær

Sjukefråværet er framleis høgt, og det samla sjukefråværet i september 2026 var 8,0 %, som er 0,6 prosentpoeng over gjennomsnittet for dei siste fem åra.

Gjennomsnittleg sjukefråværet hittil i 2026 er 7,9 %.

– Dette er krevjande. Vi ønskjer å ligge lågare og det blir arbeida vidare med å redusere sjukefråværet, framheva Hovland.

Styreleiar Petter Steen summera.

– Kortversjonen er at det meste går veldig bra. Det er mykje godt i rapporten, vi veit kva som er utfordringa og vi veit kvar vi må halde trykket oppe.