Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Styremøte 14.10.2026:

Fekk ros frå styret

Økonomien blir betre for kvar månad, og ventelistene blir stadig kortare. Styret er godt nøgd med utviklinga.

Magne Kydland
Publisert 15.10.2026
En person som holder en presentasjon
Det var god stemning på styremøtet i Helse Fonna denne veka. Foto: Eirik Dankel

Som elles i sjukehus-Noreg har Helse Fonna stort fokus på å oppfylle helseministeren sin ventelistegaranti. Arbeidet har så langt gjeve gode resultat.

– Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i september 60 dagar for behandla og 54 dagar for ventande pasientar. Det var 5 dagar kortare ventetid for behandla i september i år samanlikna med fjoråret, og 12 dagar kortare enn i 2024. Det var 753 færre pasientar som venta i september enn på same tid i fjor, og for første gong sidan desse registreringane starta er det no færre enn 5000 pasientar som ventar på behandling, opplyser administrerande direktør Anders Hovland i sin månadlege rapport til styret.

Og med kortare ventetid så blir også færre fristbrot. I september var det 174 fristbrot, noko som er 61 færre enn i same månad i fjor. Dei aller fleste fristbrota skjer innan somatikk.

– Det er framleis fullt fokus på at talet på fristbrot skal reduserast. Samtidig er det vesentleg at dei sjukaste pasientane med behov for oppfølging blir prioriterte, og dette kan kome i konflikt med målet om å redusere ventetider og fristbrot, opplyser Hovland.

Kostnadane redusert med 500 000 kroner per dag

Helse Fonna har, som dei andre føretaka i Helse Vest RHF, krav om å betre økonomien. Her er det sett i verk ei rekkje tiltak, og ein ser betring i resultatet for kvar månad som går.

Resultatet for august syner eit negativt driftsresultat på 8,5 millionar kroner, medan totalresultatet inklusiv finans utgjer eit underskot på 13,4 millionar kroner.

Driftskostnadene ligg i gjennomsnitt på om lag 15,0 millionar kroner per kalenderdag, noko som for august er 520 000 kroner lågare per kalenderdag enn gjennomsnittet i månadene før.

– For august utgjer dette ein reduksjon i driftskostnadene på 16,1 millionar kroner. Det er gjort eit stort arbeid i heile føretaket med å få drifta i tråd med budsjettet. Den positive utviklinga syner at dette har hatt effekt, samstundes som dette arbeidet held frem med fullt fokus, poengterer økonomi- og finansdirektør Sølvi Apeland Rogde.

Fleire heiltidstilsette

Frå august i fjor til august i år har både talet på tilsette og netto månadsverk auka svakt.

– Sidan tidleg i vår har det vore streng vurdering når det gjeld tilsetjingar i ledige stillingar, og i fleire av klinikkane og einingane har kurva snudd. Arbeidet med å sikre ei berekraftig bemanning har eit høgt fokus i organisasjonen. Utviklinga viser at fleire er fast tilsette, medan talet på mellombelse tilsetjingar går ned. Samstundes aukar delen tilsette i heiltidsstillingar, står det å lese i månadsrapporten.

Helse Fonna hadde ved utgangen av august totalt 4522 tilsette. 75 prosent av desse hadde heiltidsstillingar, og gjennomsnittleg stillingsprosent var 94,3 prosent. Dette talet blir redusert for kvar månad.

– Dette tyder på ei positiv utvikling mot meir stabile tilsetjingsforhold og høgare stillingsprosentar, slår rapporten fast.

Ros frå styret

Styremøta tidlegare i år har hatt stort fokus på økonomi, og det har vore mange kritiske spørsmål frå styremedlemmene. På onsdagens styremøte var det berre ros og godord å høyre i høve til aktivitet og den økonomiske utviklinga.

– Her er det veldig god utvikling innan mange indikatorarar, og eg er svært imponert. Det er god aktivitet, inntektene er gode og kostnadene går ned. Vi ser ein godt synleg knekk i kostnadsbiletet. Tiltaka verkar og gapet er i ferd med å lukke seg. Gratuler med jobben som er gjort! sa Anne Sissel Faugstad, som er nestleiar i styret.

Styreleiar Petter Steen jr. supplerte slik:

– Vi er eitt lag, alle bidreg til dette. Her skal alle dei tilsette ha stor ros.

Administrerande direktør Anders Hovland takka for rosen, og understreka det styreleiaren påpeiker: Den økonomiske snuoperasjonen hadde ein ikkje klart utan det gode arbeidet som er gjort i klinikkane, og utan det gode samarbeidet med tillitsvalde og verneombod.

Færre korridorpasientar

Av andre ting som er verd å merke seg er at det har vore ei positiv utvikling i talet på utskrivingsklare pasientar og liggjedøgn for desse. Saman med det systematisk arbeidet i føretaket med å betre pasientflyten bidreg dette til at talet på korridorpasientar er på det lågaste nivået på to år.

Elles bør det nemnast at auken i digitale kontaktar og aktivitetar aukar vidare, og at tala for epikrisetid og er gode.

Sjukefråværet er diverre høgare enn på lenge, sjølv om arbeidet på dette held frem med like stort fokus som føregåande år.

Gode tal for tarmkreft

Tarmkreft er den nest vanlegaste kreftforma i Noreg, både for kvinner og menn. 5000 får diagnosen og 1500 døyr årleg. Talet på tarmkrefttilfelle er meir enn dobla på 50 år. Tarmkreft vert som regel utvikla ved polyppar i tarmen, og prognosen for å overleve er god om det blir oppdaga tidleg. I 2024 starta eit nasjonalt tarmscreeningsprogram, der Helse Fonna var tidleg ute å tilby dette.

Resultata så langt er bra.

– I 2025 var det 5200 i vårt område som fekk invitasjon, og vi fekk om lag 2700 prøvar i retur. Dei som hadde positiv prøve, 144 hos oss, blir kalla inn til koloskopi, som er neste trinn. Her er det litt ventetid, men nesten alle har fått innkalling til koloskopi innan rimeleg tid. Dette for å sjå om det er polypp i tjukktarmen, som anten er kreft eller forstadiet til kreft. Heldigvis er det svært få som får påvist kreft, opplyser fagdirektør Andreas Andreassen.

Konklusjonen frå rapporten om tarmscreeningsprogrammet viser at Helse Fonna har gode resultat samanlikna med andre føretak.

Vedtok utviklingsplan

Styret fekk ein gjennomgang og godkjende ny utviklingsplan for føretaket.

– Utviklingsplan for Helse Fonna HF 2027–2041 legg dei langsiktige strategiske føringane for utviklinga av føretaket dei neste 15 åra. Planen byggjer på eit omfattande kunnskapsgrunnlag og tek utgangspunkt i utfordringar knytt til demografisk utvikling, tilgang på arbeidskraft, teknologiutvikling og berekraft. Planen er utvikla gjennom ein brei og involverande prosess med deltaking frå styret, leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde, vernetenesta, brukarrepresentantar, kommunar og andre samarbeidspartnarar. Høyringsinnspel er vurderte og innarbeidde der dette er funne formålstenleg, heiter det i saksgrunnlaget.

Administrerande direktør Anders Hovland vurderer at utviklingsplanen gir eit godt og balansert grunnlag for den vidare utviklinga av Helse Fonna HF i åra som kjem.

– Ein svært god prosess, og eit svært godt produkt, slår styreleiar Petter Steen jr. fast.

Les meir om Helse Fonna sin utviklingsplan: Utviklingsplan 2027-2041 - Helse Fonna HF

En mann og en kvinne som smiler

Det vart oppnemnt nytt brukarutval for dei neste to åra. Geir Charles Grindheim og Karl Olaf Sundfør held fram som leiar og nestleiar. Foto: Eirik Dankel

Nytt brukarutval

Brukarutvalet er eit rådgjevande organ for styret og administrerande direktør i saker som gjeld tenestetilbodet til pasientar, brukarar og pårørande. Utvalet skal bidra med brukarperspektiv i utviklinga av helsetenestene og vere eit bindeledd mellom helseføretaket og brukarorganisasjonane.

Noverande brukarutval er oppnemnt for perioden 2025–2026. I samsvar med retningslinjene skal styret oppnemne nytt brukarutval for perioden 2027–2028 etter forslag frå organisasjonane FFO, SAFO, Pensjonistforbundet og Kreftforeningen.

Slik blir brukarutvalet i Helse Fonna frå og med 1. januar 2027 og ut 2028:

  • Geir Charles Grindheim, Haugesund (FFO/Revmatikerforbundet), leiar
  • Karl Olaf Sundfør, Sauda (FFO/Mental Helse), nestleiar
  • Kjersti Vinje, Vindafjord (SAFO/NFU)
  • Marit Rongve, Ullensvang (Pensjonistforbundet Hordaland)
  • Anne Gurine Sætre, Haugesund (FFO/LPP)
  • Ole Johan Jensen, Stord (FFO/Diabetesforbundet)
  • Wenche Sandbekken Lilleland, Vindafjord (SAFO/NFU)
  • Kristin B. Tikkanen, Sveio (FFO/Hodpineforeninga)
  • Hilde Elisabeth Lewin Warren, Karmøy (Kreftforeningen)
  • Vararepresentantar:
  • Steinar David Hansen, Haugesund (Kreftforeningen)
  • Tove Garli, Stord (FFO/LHL)
  • Arne Christian Mohn, Haugesund (Pensjonistforbundet Rogaland)

– Det er særleg lagt vekt på å vidareføre erfaring og kompetanse i leiar- og nestleiarfunksjonane. Geir Charles Grindheim og Karl Olaf Sundfør har begge lang erfaring frå brukarutvalsarbeid og vil bidra til kontinuitet, samstundes som komande periode vil vere deira siste oppnemningsperiode, heiter det i innstillinga, som blei godkjent av styret.

– No har brukarutvalet representantar frå heile regionen. Det er vi godt nøgde med, seier Geir Charles Grindheim.