Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Fonna har fått to nye professorar

Seniorforskarar i Helse Fonna Miriam Bye Hartveit og Eva Biringer har begge fått opprykk til professor i sine fagfelt i 2026.

Publisert 02.11.2026

Professorkompetanse er øvste nivå ein kan oppnå i ein forskarkarriere. Biringer og Bye Hartveit er to av ytterst få medarbeidarar i Helse Fonna som har hatt denne tittelen.

– Vi har eit godt forskingsmiljø i vekst i Helse Fonna, men det høyrer med til sjeldanheitene at forskarane våre får opprykk til professor. Det ligg veldig mykje godt arbeid bak og eg vil gratulere både Eva Biringer og Miriam Bye Hartveit med vel fortent opprykk.

Det seier leiar for forsking og innovasjon i Helse Fonna, Haldis Økland Lier.

– Det å ha forskarar med professorkompetanse gir oss mange fortrinn som både behandlings- og forskingsinstitusjon. Frå min ståstad vil eg trekke fram rettleiingskompetanse, og at vi stiller sterkare i konkurransen om eksterne forskingsmidlar, noko vi er heilt avhengige av for å etablere og gjennomføre gode forskingsprosjekt, seier Lier.

- Med professorar stiller vi sterkare i konkurransen om forskingsmidlar, seier avdelingsleiar for forsking og innovasjon Haldis Økland Lier. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

 

Fagleg kompetanse på høgaste akademiske nivå

For å bli vurdert for opprykk til professor må du ikkje berre ha ein doktorgrad, men også kunne dokumentere både omfattande undervisningsfagleg kompetanse og erfaring frå universitet eller høgskule, samt ha gitt vesentlege bidrag til forsking på høgaste nivå.

Eva Biringer er spesialist i samfunnsmedisin og avla i 2006 doktorgrad om kognitiv funksjon ved alvorleg depresjon ved Universitetet i Bergen. Miriam Bye Hartveit tok i 2016 doktorgrad innan kvalitetsforbetring, om henvisningskvalitet i psykisk helsevern. I år har begge fått opprykk til professorstilling; Eva Biringer ved Høgskulen på Vestlandet og Miriam Bye Hartveit ved medisinsk fakultet ved Universitetet i Bergen.

– Å bli professor er ein lang veg, der to forhold blir vurderte: Forskingskompetansen din og dine pedagogiske ferdigheiter. Gjennom omfattande dokumentasjon må du vise at du både kan leie, planlegge og gjennomføre undervisning og fagutvikling, og at du kan gjennomføre og leie forskingsprosjekt, inkludert å rettleie andre forskarar, fortel Bye Hartveit.

Slik kjem kompetansen til nytte

Forskingskompetanse kan vere med å løfte den faglege kvaliteten i sjukehusa, meiner Eva Biringer.

– Helsefaga er kompliserte og spesialiserte. Fagutviklinga går så fort at vi som fagfolk bør ha kunnskap om forsking, slik at vi kan følgje med i denne utviklinga. Helse Fonna framstår også som ein meir attraktiv arbeidsstad og eg trur at fleire vil bli i yrket sitt i mange år hos oss dersom dei får vere med å utvikle faget sitt, arbeidsplassen og seg sjølv gjennom forsking.

Ho ser verdien av forsking også i eit samfunnsperspektiv, og er bekymra over utviklinga med lågare tillit til forsking og fundamentet for helsestyresmaktene sine tilrådingar, som for eksempel vaksinemotstandarar.

– Utdanning, forsking og evne til å tenke kritisk og sjå ting i samanheng er ein del av løysinga på framtidas utfordringar i helsetenesta. Å ha opplyste menneske som deltar i samfunnsdebatt er ein viktig premiss for at demokratiet som styresett skal fungera, meiner Biringer.

– Helsefaga er kompliserte og spesialiserte. Fagutviklinga går så fort at vi som fagfolk bør ha kunnskap om forsking, slik at vi kan følgje med i denne utviklinga, seier professor og seniorforskar Eva Biringer. Foto: Helse Fonna

 

Må ikkje vere professor for å lukkast med kvalitetsforbetring

Miriam Bye Hartveit legg vekt på at eit professorat først og fremst betyr at ein har omfattande kunnskap i faget sitt og at det vil komme organisasjonen til nytte. Ho bruker sin kunnskap om kvalitetsforbetring både i undervisning hos Universitetet i Bergen og som forskar i Helse Fonna. Den nyslåtte professoren vil gjerne dele sin kompetanse, men hennar beste råd er å ikkje skal gjere det for komplisert å komme i gang med kvalitetsforbetring:

– Som helsepersonell kjenner du utfordringar og risiko der du jobbar. Snakk med kollegaene dine, skap interesse rundt det du tenker er forbetringsområde og snakk med leiaren din om støtte. Det er betre å starte enkelt og få til ei lita betring enn å ikkje gjere noko.

– Dersom vi samanlikne, er effekten av kvalitetsforbetring i fleire samanhengar funne meir effektivt for å redde liv og betre pasienten si helse enn ulike tiltak innan diagnostikk eller behandling. Så er du genuint opptatt av korleis det går med pasientane dine, kan vi som helsepersonell vere meir nyttige ved å drive kvalitetsforbetring enn å finspikke på eigen kliniske kompetanse. Men det er ikkje anten eller, ein må kunne faget sitt også.

Miriam Bye Hartveit legg vekt på at eit professorat først og fremst betyr at ein har omfattande kunnskap i faget sitt og at det vil komme organisasjonen til nytte. Foto: Pernille S. Osmundsen, Helse Fonna

– Bli betre og lære saman

Sjølv om professor er ein tittel den enkelte får, trekker Miriam Bye Hartveit fram alt samarbeidet som ligg til grunn.

– Eg har veldig mange i Helse Fonna å takke. Vi må hjelpe kvarandre og støtte kvarandre for å auke kunnskapen vår. Ikkje for at den enkelte skal nå eit visst akademisk nivå, men fordi vi skal bli betre og lære saman. Eg har vore involvert i prosjekt i omtrent heile Helse Fonna etter kvart, og det er så mange flinke folk som vil få til ting og som får til ting saman. Kor fint er ikkje det?