Ingeborg Skjølingstad er ny samhandlingssjef
Byrjar 1. oktober.

– Eg er svært glad for tilliten eg har fått. Eg er opptatt av å byggje tillit, skape felles retning og få ulike aktørar til å trekke i same retning. Gode pasientforløp blir skapte når kommunar, helseføretak og andre samarbeidspartnarar arbeider mot same mål, og eg ser fram til å bidra til vidare utvikling av samhandlinga i regionen.
Det seier Ingeborg Skjølingstad (49), som er tilsett i stillinga som samhandlingssjef etter Reidun Rasmussen Mjør, som går av med pensjon i august.
Skjølingstad er busett i Haugesund og har dei siste seks åra vore kommunedirektør i Bokn kommune. Ho byrjar i Helse Fonna 1. oktober.
Det var 35 søkjarar til stillinga som samhandlingssjef, og administrerande direktør Anders Hovland er godt nøgd med interessa, og han er glad for at Skjølingstad takka ja til jobben.
– Eg er utruleg glad for at vi no får Ingeborg med på laget som ny samhandlingssjef. Med si erfaring både frå politikk og som kommunedirektør vil ho styrkje det viktige arbeidet med å vidareutvikle Helsefellesskapet og samhandlinga i regionen vår, seier Hovland.
Samhandlingssjefen er ein del av den administrative leiinga i Helse Fonna, og skal bidra til at pasientar og brukarar får eit heilskapleg tilbod og helse- og omsorgstenester gjennom godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane.