Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreftpoliklinikken vann Kvalitetsprisen

– Der, ja. Der begynte eg å grine.

Eirik Dankel
Publisert 30.10.2026
En gruppe kvinner som holder et sertifikat
Prosjektleiar Evelyn Sevland og stolte kollegaer med beviset for årets kvalitetsprisvinnarar. (Alle foto: Eirik Dankel)

Klokka er 10.30.

Avdelingsleiar for kvalitet- og pasientsikkerheit Tonje Aukland Sandtorv startar presis.

– Velkommen til Helse Fonna sin kvalitetspris.

For første gong skal dei nominerte også presentere prosjekta sine.

– Dette handlar ikkje berre om kven som får prisen, det handlar og gode idear, dele og lære av kvarandre. Å få inspirasjon på tvers av fagmiljø.

Så er vi i gong.

Og vinnaren er

Fagdirektør Andreas Andreassen og administrerande direktør Anders Hovland entrer scenen og spenninga stig.

Andreassen startar.

– Søknadane i år har ein raud tråd. Den er om rett kompetanse, til rett tid, på rett stad. Juryen har kunne velje på øvste hylle. Ingen skal vere duknakka her i dag, men stolte. Søknadane viser nye høgder innan kvalitet i Helse Fonna.

Han les grunngjevinga.

– Årets pris går til sjukepleiedriven oppfølging ved kreftpoliklinikken.

Applausen bryt ut.

Anders Hovland fortsett.

– Kvalitet er grunnleggande for det vi gjer. Tusen takk for flotte presentasjonar og søknadar. Gratulerer så mykje!

Snart er dei alle på scena. Prosjektleiar Evelyn Endresen Sevland tek ordet.

– Nå begynner eg snart å grine. Men tusen takk. Det er så mykje som skjer i prosjektet, som skal skje i prosjektet. Vi er berre i starten.

Ho tek seg til augo.

– Der, ja, der begynte eg å grine.

Administrerande direktør Anders Hovland og fagdirektør Andreas Andreassen delte ut prisen.

– Det er godt å få vise fram kva vi held på med ved Kreftpoliklinikken. Vi jobbar med ei pasientgruppe der talet pasientar går opp. Dei skal få behandling og dei skal ha oppfølging. Dette er ei utfordring Kreftpoliklinikken må møte. Frå dette kom sjukepleiedriven oppfølging.

Dette har dei gjort

Kreftpoliklinikken har utvikla ei meir sjukepleiedriven oppfølging av pasientar, mellom anna ved tablettbehandling. Dette skal gi betre kontinuitet, tydelegare oppgåvedeling og frigjere legetid til pasientar som treng medisinsk vurdering. Arbeidet omfattar òg oppstart av heimebehandling for enkelte pasientar med myelomatose. Målet er ei tryggare, enklare og meir berekraftig pasientoppfølging.

– Eg vil rose legane våre som har vore med å flytte oppfølging til sjukepleiarar der vi kan. Eg vil også seie at vi har nær kontakt mellom sjukepleiar og lege. Det er viktig for alle. Vi er fleire som held i dei same trådane.

Kva pasientane får ut av det?

– Dei opplever at det er meir tid, det er kontinuitet, forutsigbart og stor tryggleik. Vi lærer pasientane våre godt å kjenne.

Men det er meir. Heimebehandling.

– Det er i vinden som aldri før. Vi blei med på karusellen i mai. Sjølvsagt rett før fellesferien… Men dette blir det mykje meir av. Målet er tryggare og  meir fleksibel behandling i kvardagen.

No står Kreftpoliklinikken her med Kvalitetsprisen.