Forskning og innovasjon til pasientens beste
Kvart år presenterer vi forsking og innovasjon frå heile helse-Noreg.
Til klinikarane som møter og vurderer pasientar med psykiske utfordringar.

Marit Nymoen er psykologspesialist og jobbar ved Stord DPS. I 2025 tok ho doktorgrada med forsking sett frå mange perspektiv. Fellesnemnar er tilvising til spesialisert psykisk helsevern.
– Eg har vore så heldig å få vere med på eit forskingsprosjekt frå botn. Samstundes har eg også jobba i klinikk. Dei to oppgåvene har utfylla kvarandre.
Så kjem eit stikk.
– Dei fleste klinikarar veit ikkje sjølv korleis det er å be om hjelp for psykiske plager.
Berre for å slå det fast, det er vanskeleg.
Så følgjer ho opp:
– Og det er ikkje alltid vi som klinikarar vurderer pasientar og tilvisingar riktig.
Forskingsarbeidet som førte til doktorgrada er ein del av eit prosjekt kalla «Our common responsilibilty». Studia til Nymoen skal gi oss betre forståing av prosessen der ein pasient blir overført frå primærhelsetenesta til spesialisert psykisk helsevern.
– Trass fleire tiltak er det framleis utfordringar med ventetider og ein relativt høg del avviste tilvisingar.
Forskingsarbeidet har tre studie.
Sistnemnde vurderast vanlegvis ut frå informasjon i tilvisinga.
– Vurdering av hastegrad basert på tilvising var påliteleg i omtrent halvparten av tilfella.
– Kva treng vi? Meir informasjon?
– Forskinga syner at meir informasjon i tilvisinga fører ikkje naudsynt til meir presise vurderingar, svarar den ferske doktorgradseigaren.
Så kjem eit stikk til.
– Systemet i dag inneber ein risiko for ulik behandlingstilgang og ventetid for pasientar med like behov.

Helseforsking er stort og mangfaldig. Marit Nymoen har funne si grein.
– Dette er helsetenesteforsking. Ei litt eiga forskingsretning.
Studia har altså har sett på korleis vi møter pasienten som søker hjelp for psykiske plagar, og kva vurdering som blir gjort av den som vurderer tilvisingane.
– Studien er ein multiperspektiv studie, forklarar Nymoen.
– Eg har henta inn data frå ulike perspektiv, som primærhelsetenesta, inkludert fastlegar, og spesialistar ved DPS.
Då manglar berre eit blad i trekløveret.
Like viktig i forskinga er også den gruppa der vi kanskje gjettar litt. For å kunne lære meir om korleis det er å bli tilvist til psykisk helsevern gjekk nemleg Nymoen rett til kjelda. Pasientane.
– Brukarmedverknad har vore med frå planlegging til utføring. Ikkje berre har pasientstemma har vore nyttig, den har vore heilt avgjerande. Dei veit korleis det er å vere i situasjonen og må vere ein del av analysen.
Å spørje er mykje lurare enn å gjette, framheld forskaren.
– Det er den måten vi faktisk får vite kva dei tenkjer. Vi får med pasienten sitt perspektiv, og det er pasientane vi er her for.
Responsen frå brukarane som har vore ein del av studien er klar.
– Eg høyrer at det vi forskar på gir gjenklang hos dei. Kor vanskeleg det er å søke hjelp for psykiske utfordringar. Det fekk vi satt ord på i forskinga. Noko du som klinikar bør ha med deg, oppfordrar Nymoen.
Som klinikar er det mye mellom linjene du kan bruke her, anten du er fastlege eller jobbar på DPS er hennar påstand.
Psykologspesialisten er klokkeklar.
– Dei fleste klinikarar veit ikkje korleis det er å søke hjelp for psykiske plager. Mange pasientar føler seg på makteslause.
Difor har mykje forsking vore vigd til korleis det er for ein pasient å formidle det ein vil hos fastlegen.
– Her må eg legge til at dette ikkje eit fastlegeproblem. For det er så mange faktorar som kan spele inn. At tida er avgrensa er ein ting, men pasienten kan også vere usikker på om det er eit problem.
Vidare handlar det om å bli møtt. I den eine studien rapporterte alle deltakarane at dei hadde opplevd ved minst eitt tilfelle å ikkje bli teke på alvor når dei søkte hjelp for psykiske plager.
– Tenk då at nokon faktisk kan gå usikre i 20 år før dei klarer å ta opp problemet.
– Så kva kan vi som helsepersonell gjere, uavhengig av kvar vi jobbar?
– Eg meiner vi må lage ei felles forståing mellom pasientar, fastlegar og klinikarar. Det handlar om definisjonar, rettar, søknadsprosessar. Er det for eksempel rett at den som kanskje har møtt pasienten minst skal vurdere om pasienten har rett på hjelp i spesialisthelsetenesta?