Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Laurdagsvisitten
Kva gjer Jan Christian Vestre ein laurdag føremiddag i Haugesund? Besøker gastroenterologisk poliklinikk, vel.
Eirik Dankel
Publisert 21.03.2026
Sist oppdatert 25.03.2026
Roleg føremiddag er roleg på ein poliklinikk, men eit perfekt tidspunkt for ein god prat om eit fantastisk kvalitetsarbdeid. F.v.: Jeanette Pedersen, Jan Christian Vestre og styreleiar i Helse Fonna, Petter Steen jr. (Alle foto: Eirik Dankel)
– For ein fantastisk snuoperasjon og utvikling de har gjort, sa helse- og omsorgsministeren.
Avdelingsleiar Jeanette Pedersen og funksjonsleiar Ida Dankel Seim oppdaterte statsråden på forbetringsarbeidet dei har gjort dei siste åra innan koloskopi.
Det kjem pasientane skikkeleg til gode. Både i form av kvalitet og ikkje minst det store arbeidet som er lagt ned i å få ned ventetida.
– Vi har mange som skal til undersøking og kontroll. Vi har satt oss ein nullvisjon for ventetida, forklara Pedersen.
Difor har den dedikerte gjengen teke både kveldar og helger i bruk. Som denne laurdagen.
– De gjer ein kjempejobb for pasientane, rosa Vestre.
– Og så må det vere fagleg tilfredsstillande også?
– Det er godt å kjenne at vi har kontroll, svara Pedersen.
Sjå fleire bilete frå besøket
Bilde 1/3
Funksjonsleiar Ida Dankel Seim forklara meir om arbeidet dei gjer på poliklinikken. F.v.: Jan Christian Vestre, Petter Steen jr., Ida Dankel Seim, fagdirektør Andreas Andreassen og klinikkdirektør for psykisk helsevern og rus, Kenneth Eikeset.
Det skjuler seg mykje godt arbeid i tala som blei presentert for statsråden. Forsida i presentasjonen var pryda av Selma Louise Ferkingstad som er ein Noregs få kolosperande sjukepleiarar.
Kva dei gjer på ein gastroenteologisk poliklinikk? Det fekk avdelingsleiar Jeanette Pedersen forklart.
Sjå fleire bilete frå besøket
Bilde 1/3
Bildegalleri fullskjermvisning