Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forsking og innovasjon

Ny doktorgrad i Helse Fonna

Gunnar Helge Sjøen disputerte 18. juni for doktorgraden. Forskinga hans har gitt verdifull kunnskap om sirkulasjonsendring hos pasientar ved oppstart av generell anestesi.

Publisert 24.06.2026
Ein mann i skjorte med knappar

Foto: Helse Fonna/Eirik Dankel

Gunnar Helge Sjøen disputerte for doktorgraden ved Universitetet i Oslo torsdag 18. juni. Han blei med dette den første anestesilegen i Helse Fonna med ph.d

Sjøen si doktorgrad går ut frå tre publiserte forskingsartiklar som undersøker sirkulasjonsendringar, og særleg blodtrykksfall, etter at anestesi er gitt. Studiane ser på korleis endring i dose av anestesilegemidla Propofol og Remifentanil påverkar dette. Studiene er gjort på ellers friske kvinner som fekk elektiv gynekologisk kirurgi.

– Det er vanleg at pasientar får blodtrykksfall kort tid etter at dei er lagt i narkose. Hos sjuke pasientar kan dette gje auka risiko for skader på hjarte og nyre, og for auka dødeligheit etter operasjon, seier Sjøen.

– Sjølv om desse anestesimidla har vore i bruk i over 25 år, er det eit kunnskapshol når det gjeld korleis sirkulasjon i pasienten blir påverka ved start av narkose. Vi ville skildre dei fysiologiske endringane som skjer hos heilt friske pasientar, og samtidig undersøke korleis vi på best mogleg måte kan førebygge for sterk sirkulasjonspåverknad, forklarar Sjøen.

Kan endre måten vi gir anestesi på

Studiane bidrar med kunnskap om dei hemodynamiske effektane av ulike dosar av dei vanlege narkoselegemidla Propofol og Remifentanil, samt effekten av å gi legemiddel som skal redusere blodtrykksfall førebyggande. 

Førsteopponnent under disputasen, Michelle Chew frå Karolinska Institutet, sa at Sjøen si forsking kan føre til at vi endrar måten å gi anestesi på, til beste for pasienten.

Forsking til inspirasjon i fagmiljøet

I Helse Fonna er livet som forskar som regel ein kombinasjon av klinikk og forsking. Slik har det også vore for Sjøen.

– Forsking og kvalitetsforbetringsprosjekt bør tett følge vårt vanlege pasientarbeid, meiner Sjøen.

– Forsking har for meg vore eit «krydder» i klinikken, og har gitt arbeidet eit vidare perspektiv. Ein god porsjon pågangsmot, tolmod og audmjukheit overfor godkjennande instansar har vært nødvendig, seier han.

Sjølv har han truleg bidratt med ein porsjon både inspirasjon og motivasjon; Ei av gåvene frå kolleger etter disputasen var eit bilde av eit fyrtårn, som skulle symbolisere Sjøen si rolle i fagmiljøet. Og ein av hans anestesilegekolleger er no i gang med å skrive søknad om doktorgradsstipend.

2025 blei rekordår for disputasar i Helse Fonna 

– Eg er imponert over korleis Gunnar har handtert alle oppgåvene sine i Helse Fonna samtidig som han har hatt høg framdrift i forskingsprosjektet, seier Haldis Økland Lier, som er avdelingsleiar for forsking og innovasjon. 

Lier har hatt det travelt med å gratulere: Sidan januar i fjor har heile sju forskarar i Helse Fonna disputert for doktorgraden. 2025 var eit rekordår med heile fem disputasar, og i 2026 har Benedicte Skjold-Ødegaard oppnådd doktorgrad i tillegg til Sjøen. Til saman er det avlagt 35 doktorgrader i Helse Fonna, og her kan du lese om kvar og ein av dei: Doktorgrader - Helse Fonna HF