– Ein draum som blir oppfylt
Grunnsteinen er lagt for ei satsing for dei mest sårbare.

– Ein stor dag for Valen sjukehus og Helse Fonna. Det er ikkje kvar dag vi legg ned ein grunnstein, og i alle fall ikkje på ein plass med så mykje historie, innleia administrerande direktør Anders Hovland.
I hjelm og gule vestar stod ei forventningsfull forsamling på byggeplassen til det som skal bli den nye sikkerheitsposten ved Valen sjukehus.
Vegen mot ein ny sikkerheitspost har vore lang, men denne dagen på tampen av november tok administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne, gullspaden og støypen fatt.
Ein ny sikkerheitspost handlar om gode lokalar for ei sårbar pasientgruppe og ein god arbeidsplass. Store deler av den nye sikkerheitsposten skal vere i bygget kalla Kringlebakken. Eit bygg som står der i dag, men berre skalet blir igjen. Inne skal det gjerast heilt om.
– Ny historie skal skrivast i dette bygget, sa Hovland.
– Sikkerheitspsykiatri er ein arena for behandling, men også å få pasientane tilbake til samfunnet. Ei rolle sjukehuset på Valen har hatt i 116 år. Tusen takk til alle som har bidratt til at vi er her i dag.
Ei satsing
Det var som nemnt administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne, som dekka tidskapsel med sement og la på plass grunnsteinen.
– Det er ei stor ære, sa ho.
– Denne nye sikkerheitsposeten er viktig. Ikkje berre for Helse Fonna, men for tilbodet innan sikkerheitspsykiatri på heile Vestlandet. I Noreg satsar vi på dette feltet og bygger opp kapasitet.
Også Bryne ser fram til at nye lokalar for pasientar og tilsette.
– Pasientane blir godt ivaretatt her på Valen. De som jobbar her har høgt fagleg nivå, og ikkje minst er de gode på forsking.
Framtidstru
Vegard Bjørnevik er ordførar i Kvinnherad.
– Eg kjem litt seint, men det er det god grunn til, starta han.
– Eg har vore på yrkesmesse der vi kanskje finn dei nye fagarbeidarane til Valen.
For Kvinnherad er Valen sjukehus viktig.
– Denne plassen har ei lang historie. Sjukehuset er ein av dei viktigaste institusjonane i vår kommune, ein av dei største arbeidsplassane og gjer at vi har så stor variasjon her. Det gir oss enorm framtidstru at Helse Fonna satsar på Valen sjukehus. Det vil eg seie tusen takk for.
– Handlar om dei mest sårbare
Då Petter Sten var fersk styreleiar fekk han omvising på sikkerheitsposten. Han gratulerte alle med dagen.
– Då eg var der snakka vi om å pusse opp. No står vi her og skal ikkje berre pusse opp, men lage heilt nye lokale. Dette er ein stor dag. Eg gler meg til neste store dag når vi skal opne.
Klinikkdirektør for psykisk helsevern og rus Kenneth Eikeset har drøymt om denne dagen.
– Arbeidet er starta, så nå har draumen blitt oppfylt. Dette handlar ikkje om det tekniske og bygg. Det handlar om korleis vi behandlar dei mest sårbare menneska i samfunnet. Vi skal hjelpe dei og vi skal reinkludere dei.
Eikeset trakk fram utviklinga som har vore dei siste åra.
– I dag samarbeider instansar mykje meir enn før. Å ha tidleg førebygging er viktig for å unngå for eksempel ein dom. Vi skal styrke denne samhandlinga.
Han peika på at god behandling er god rehabilitering, men også godt samfunnsvern.
– Denne nye sikkerheitsposten er ei viktig satsing slik at vi kan gi oppfølginga pasienten treng. Posten er ikkje ein plass for livet, men skal vere ein god plass å vere når pasienten treng han.
Den nye sikkerheitsposten på Valen er planlagt å vere ferdig i løpet av 2027.









