Eit nytt nasjonalt nettverk for radiologi skal redusere unødvendige røntgen-, MR- og CT-undersøkingar. Nettverket skal bidra til betre styringsdata, nasjonale råd for tilvising og oppdaterte faglege retningslinjer.
Alt om nettverket lenger nede. Men først til vår representant: Evabeth.
Evabeth Roseth Bruvoll er avdelingsradiograf i Helse Fonna, og er med som representant for Helse Vest i nettverket. Det er ikkje tilfeldig.
– Eg har sidan januar 2021 jobba med det radiologiske nettverket i Helse Vest og no representerer eg også regionen nasjonalt.
Ho skal ikkje til Arendal.
– Men eg har vore med å planlegge.
Gjennom opphaldet i sørlandsbyen håper nettverket å synleggjere kva dei gjer.
– Det er ingen kvikkfiks for overforbruk, men når mange kloke hovud jobbar saman mot tilvisarar og radiologiske avdelingar, og ikkje minst pasientane og deira forventingar, kan vi få dette til.
Ho nemner blant anna Norsk foreining for allmennmedisin og Norsk ortopedisk foreining som samarbeidspartnarar.
– I Helse Fonna har Harald Nes vore involvert som avdelingsleiar, og er det enno gjennom Kloke val. Han er å finne i Arendal denne veka.
Bruvoll seier det allereie er komme konkrete tiltak vi jobbar med for å redusere overforbruk og uønskt variasjon i radiologitenester.