Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Styremøte 10.09.2026

Positiv utvikling, men framleis ein alvorleg økonomisk situasjon

Haustens første styremøte blei halde i Odda.

Magne Kydland
Publisert 11.09.2026
En gruppe mennesker som står rundt en sykehusseng
Styremøtet i september var i Odda. Der fekk dei også ei omvising av Hilde Sandvin. (Alle foto: Magne Kydland)

Rekord i doktorgrader, gode kvalitetstal og positiv utvikling i økonomien var noko av agendaen.

Det siste først: Økonomi. Administrerande direktør Anders Hovland  orienterte styret.

– Vi ser ei positiv utvikling i arbeidet med å sikre økonomisk berekraft. Det blir gjort eit stort og godt arbeid i heile organisasjonen med å snu den økonomiske utviklinga. Dette arbeidet held frem med full styrke.

Det viser også tala. Inntekta i juli var 9,7 millionar over budsjett og driftskostnadane per kalenderdag er 600 000 kroner lågare enn gjennomsnittet så langt i år. Rekneskapen viser også ei resultatforbetring på om lag 8,3 millionar kroner samanlikna med fjoråret.

– Forbetringa er blant anna knytt til redusert bruk av overtid, lågare variable lønskostnader og lågare pensjonskostnader enn i 2025, forklara Hovland.

I år har det vore eit særskilt fokus på å redusere bruken av overtid og i større grad dekke feriefråværet gjennom planlegging og disponering av tilgjengelege ressursar. Dette kjem til syne i rekneskapstala.

– Kostnadene til overtid er redusert med 2,1 millionar kroner i juli og så langt i år er kostnadane til innleige redusert med 9,3 millionar kroner.

Driftsresultat for juli enda på -17,4 millionar kroner, med eit totalresultat inkludert finans på -20,5 millionar kroner.

– Ein spagat

Også styret peika på at det går rett veg, men krev også at arbeidet fortsett.

– Vi står i ein spagat. Det er svært god aktivitet og kvalitet på tenestene, men vi har framleis eit for stort avvik på resultatet, sa nestleiar Anne Sissel Faugstad.

Andrika Sabine Linnea Hagfjäll er føretakstillitsvald for sjukepleiarforbundet og tilsetterepresentant i styret.

– Dersom vi bestemmer at vi skal kutte fleire hender, må vi også bestemme kva vi skal gjere mindre av.

Styreleiar Petter Steen jr. oppsummerte runden i styret.

– Det har komme mange gode innspel og det går bra på mange område, men økonomien hemmar oss i høve til utvikling.

Han påpeika at ein del av dei strukturelle grepa som er gjort vil ikkje få effekt før vi flyttar inn i byggjetrinn 2 til våren.

– Vi skal ikkje krisemaksimere, men vi må innsjå at det er ein alvorleg økonomisk situasjon, konkluderte Steen jr.

Et par menn som poserer for et bilde foran en bygning
– Det blir gjort eit stort og godt arbeid i heile organisasjonen med å snu den økonomiske utviklinga. Dette arbeidet held frem med full styrke, sa administrerande direktør Anders Hovland under styremøtet. Her saman med styreleiar Petter Steen jr.

Solid kvalitet

Ventetid og talet på fristbrot går stadig nedover i Helse Fonna. Det har ikkje vore så få fristbrot sidan før pandemien.

Talet på pasientar som ligg på korridor er det lågaste på to år, noko som heng saman med at det har vore færre utskrivingsklare pasientar dei siste månadene.

– Det er svært gode resultat, både når det gjeld ventetid og fristbrot. Eg er utruleg stolt over kva vi har fått til. Her blir det jobba godt i heile føretaket, sa administrerande direktør Anders Hovland.

Den positive utviklinga ser vi også innan dei digitale kontaktane vi har med pasientane, med vidare auke i bruk av telefon- og videokonsultasjonar, samt at vi er langt framme i bruk av digitale skjema.

Størst auke i digitale kontaktar har Klinikk for somatikk Stord.

Rekord i talet på doktorgrader

Leiar for avdeling forsking og innovasjon, Haldis Økland Lier, hadde med seg godt nytt om forskingsaktiviteten til styremøtet.

– Helse Fonna hadde heile fem medarbeidarar som disputerte for doktorgrad i 2025. Det er ny rekord.

Innsatsen held fram

– Så langt i år har to disputert. I tillegg er det ti pågåande doktorgradsprosjekt som har finansiering. Slike prosjekt er avgjerande for å byggje forskingskompetanse i føretaket.

Men det stoppar ikkje der.

I 2025 publiserte medarbeidarar i Helse Fonna 68 vitskaplege artiklar. Berre to gonger sidan 2016 har talet på publiserte artiklar vore høgare.

– Vitskapelege publikasjonar er viktige, for å komme ut med forskinga vi gjer og sikre finansiering. Eg har eit stort håp om at vi får rekord også i talet på publikasjonar i år, sa Lier.

Høg aktivitet er viktig av fleire grunnar. Det styrkar forskinga vår, etablere forskingsaktivitet i fleire fagmiljø, styrker kvalitet og er rekrutterer, heiter det i statusrapporten om forsking.

Helse Fonna er innovative

Etter dei gode nyheitene om forskinga, gjekk leiaren for forsking og innovasjon vidare til nettopp innovasjon.

Vi aukar satsinga vår på området, og talet på og omfanget av prosjekta er større enn nokon gong tidlegare.

I 2026 fekk Helse Fonna si største tildeling av regionale innovasjonsmidlar nokosinne, totalt 2,1 millionar kroner. For første gong har det blitt lyst ut og tildelt interne innovasjonsmidlar.

– Det er stor interesse for slike prosjektmidlar, påpeikte avdelingsleiaren.

Dei fleste innovasjonsprosjekta er tenesteinnovasjonsprosjekt der teknologi er sentralt. Slike prosjekt krev grundige vurderingar knytt til risiko, informasjonsflyt, personvern, integrasjon mot eksisterande system og framtidig forvaltning.

– Innføring av ny teknologi er ein viktig føresetnad for å sikre berekraftige helsetenester i åra framover, men krev samtidig store ressursar og tett oppfølging, forklara Økland Lier.

Ho rosa også samarbeidet regionalt, lokalt, mot næringsliv og mot kommunar og høgskule.

– Sakene om forsking og innovasjon er saker eg alltid les med interesse. Doktorgradsarbeid er svært viktig for oss, kommenterer styreleiar Petter Steen jr.