Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Styremøte

Sett i verk omfattande økonomiske tiltak

Helse Fonna må spare over 100 millionar kroner resten av året.

Magne Kydland
Publisert 19.06.2026
To menn foran en hage
Styreleiar Petter Steen jr. meiner det blir jobba systematisk og godt med tiltaka, men understreka alvoret i den økonomiske situasjonen. Her saman med administrerande direktør Anders Hovland. (Alle foto: Magne Kydland)

– Vi er nøydde til å kome i økonomisk balanse att, og målet er framleis å klare dette i løpet av 2026. Det er Stortinget som vedtek rammene for heile spesialisthelsetenesta, og vi må halde oss innanfor vår del av ramma. Helse Fonna må ha ein god og sunn økonomi, og vi må ha overskot i drifta. Berre slik kan vi leggje eit solid grunnlag for nye investeringar og endå betre kvalitet på tenestene i åra som kjem.

Orda kjem frå styreleiar Petter Steen jr., i samband med at det siste styremøtet i Helse Fonna HF før ferien vart gjennomført denne veka. Mykje av tida vart brukt til å diskutere den økonomiske situasjonen i føretaket. For som i dei andre føretaka i Helse Vest RHF, går Helse Fonna med stort underskot kvar månad.

Mai enda med 25 millionar kroner i minus i høve til budsjettet. Det var ein vesentleg reduksjon i avviket frå april til mai, men status ved utgangen av månaden viser eit underskot på 105 millionar kroner etter årets fem første månader. Samla sett mot budsjett inneber dette eit negativt avvik på 125,9 millionar kroner. Difor blir det no sett i verk fleire tiltak for å bremse den negative utviklinga.

Nye og forsterka tiltak

Administrerande direktør la fram saka for styret.

– Det går føre seg eit omfattande arbeid med å forbetre drifta og sikra at dei tildelte ressursane vert nytta best mogleg for å sikre drifta av noverande helsetilbod, og evne til å investere i framtidas tenester.

Effekten av tiltaka i budsjettet har til no ikkje hatt tilstrekkeleg effekt, og det er sidan mars utarbeida nye og forsterka tiltak for å sikre at drifta kjem innfor ramma.

– Løns- og personalkostnader utgjer om lag 86 prosent av det totale budsjettavviket i mai, og det er her ein må setje inn dei fleste og største tiltaka for å komme i budsjettbalanse. Bemanning og ressursbruk må i større grad tilpassast aktivitetsnivået.  

Helse Fonna har hatt ei auke på nesten 200 årsverk dei siste to åra. Samstundes har kostnadane til variabel løn i liten grad blitt redusert.

– For å komme i balanse må talet på årsverk reduserast. Det er viktig å presisere at ingen skal miste jobben sin, men at denne reduksjonen må skje gjennom naturlig turnover, avgangar og eventuelt interne omstillingar, sa Hovland i styremøtet.

Følgjer utviklinga

Administrerande direktør understreka vidare at det er viktig å følgje utviklinga tett og justere kursen ved behov.

– Porteføljen av tiltak gir eit godt grunnlag for å oppnå betre økonomisk balanse og meir effektiv drift, men effekten vil variere mellom einingar.  Den krev også tett oppfølging frå leiarane og godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta.

Styret hadde ein lang debatt om økonomien og tiltaka som blei presentert.

– Eg vart veldig bekymra då eg leste styrepapira. På under eitt år har føretaka i Helse Vest RHF gått frå å vere best til verst i landet. Det er alvorleg og uforståeleg. Mykje strammare styring må til, og det er først og fremst på løn- og personalkostnader jobben må gjerast. Men for meg er det ikkje tydeleg kva målet er. Vi må ned med talet på stillingar, men det står ikkje spesifisert noko mål, sa styremedlem Helga Arianson.

Nestleiar i styret, Anne Sissel Faugstad, sit også med ei usikker kjensle.

– Vi er ein del av Helse Vest-familien, som totalt no er nesten ein halv milliard kroner i minus. Vi i Helse Fonna må også bidra til å snu utviklinga. Tiltaksplanen er god, men det er gjennomføringsgraden som er den store utfordringa. Går drifta som i dag, endar vi på 180 millionar kroner i underskot i år. No gjeld det å stå i stormen og halde skuta over vatnet til dette er over, sa Faugstad.

Styreleiar Petter Steen jr. meiner det blir jobba systematisk og godt med tiltaka, men understreka at noko av arbeidet som no ligg føre vil gjere vondt.

– Styret støttar opp om tiltaksplanen og påpeiker at det er særleg viktig å få snarleg effekt av dei økonomiske tiltaka. Vi ber også administrasjonen ha særleg fokus på dei to områda der overforbruket er størst, som er personalkostnad og innkjøp.

Steen fortsette:

– Vi i styret må følgje dette tett og gje leiinga ryggdekning. Så får vi ny status rett etter sommaren.

Rett etter sommaren blir allereie 30. juli. Då er det kalla inn til ekstraordinært styremøte der føretaket sin økonomiske situasjonen blir tema.

Full tillit til administrasjonen

Før møtet kom det eit ope brev til styret frå overlegegruppa ved Stord sjukehus. Brevet omhandla blant anna at det ikkje lenger er radiolog på vakt heile døgeret ved sjukehuset. I brevet uttrykkjer dei stor misnøye med prosessen og skriv at frustrasjonen i legegruppa er stor.

Dei nemner også ei rekkje andre ting dei er misnøgde med, blant anna meiner dei at oppbygging av spesialisert rehabilitering går ut over det somatiske tilbodet og hevdar leiinga driv med nedbygging av tilbodet ved Stord sjukehus.

Legane uttrykkjer vidare djup mistillit til leiinga i Helse Fonna og stor bekymring for pasienttilbodet og fagmiljøet ved sjukehuset.

Brevet vart lagt fram for styret, som kjem med følgjande uttale:

«Styret i Helse Fonna HF er heilt tydeleg på at det ikkje finst nokon agenda om å leggje ned Stord sjukehus. Til liks med sjukehusa i Odda, Haugesund og Valen, er Stord sjukehus ein viktig del av føretaket som skal utviklast vidare. Ei god utvikling vil i alle høve medføre endringar for alle dei fire flotte sjukehusa våre i tida som kjem.

Endringane som er gjort i radiologitilbodet ved Stord sjukehus ligg innanfor fullmaktene til administrerande direktør, men det er alltid styret som i siste instans har ansvaret for alt som skjer i føretaket. Styret har full tillit til at administrerande direktør utfører arbeidet sitt på beste vis innanfor fullmaktene styret har gjeve han.»

Skårar høgt på kvalitet

Sjølv om økonomi og innsparing fekk mest merksemd på styremøtet, er det også mykje positivt å lese i månadsrapporten for mai. Blant anna at ventetidene framleis går nedover.

Det var i mai 280 færre pasientar som venta på behandling i høve til same tid i fjor. Det er også løfta fram at det har vore ein stor reduksjon i talet på pasientar som ventar på kontroll i løpet av dei siste tre åra.

Vidare er talet på fristbrot for ventande redusert med over 70 prosent frå mai 2023, og med om lag 20 prosent frå mai i fjor. Samstundes er det behov for å fortsette arbeidet med å redusere ventetid til operasjonar – saman med resten av regionen.

Helsedirektoratet publiserer tal frå nasjonale kvalitetsregister fire gonger årleg. Indikatorane syner, som tidlegare, at Helse Fonna har gode resultat innan pasientbehandling for dei fleste fagområde.

Det er likevel nokre område der Helse Fonna ligg under landsgjennomsnittet. Her er det særleg fokus på å betre resultata. Blant anna gjeld dette vellukka gjenoppliving etter hjartestans, forbruk av breispektra antibiotika, talet på helstenesteassosierte infeksjonar og pakkeforløp for 24 organspesifikke kreftformer.

– Det er høg bevisstheit rundt indikatorar med rom for forbetring, og det blir arbeidd kontinuerleg både i klinikkane og i støttetenestene for å forbetre resultata, sa fagdirektør Andreas Andreassen i sin presentasjon.

I styremøtet synte han konkret til ein indikator for tida det tek for operasjon etter hoftebrot. Tidlegare låg Helse Fonna dårleg an på statistikken, men grunna god og målretta jobbing ligg vi no godt an i høve landsgjennomsnittet.

En person som holder et papir
Samhandlingssjef Reidun Rasmussen Mjør deltok på sitt siste styremøte før ho blir pensjonist.

Godt samarbeid med kommunane

Samhandling mellom kommunar og spesialisthelseteneste er avgjerande for å oppnå gode og samanhengande pasientforløp, og effektiv utnytting av dei samla ressursane i helse- og omsorgstenesta. Samhandlingseininga i Helse Fonna si oppgåve er å bidra til gode samarbeidsprosessar på tvers av omsorgsnivåa.

Ein stor del av arbeidet ved samhandlingseininga er knytt til oppgåver i Helsefellesskapet i Helse Fonna. Saman med interkommunal eining for samhandling, som er oppretta av dei 16 kommunane i Helse Fonna-regionen, utgjer samhandlingseininga i føretaket felles sekretariat for helsefellesskapet.

Avtroppande samhandlingssjef Reidun Rasmussen Mjør presenterte sin siste rapport for styret, før ho blir pensjonist seinare i sommar. Ho er nøgd med samarbeidet mellom føretaket og kommunane.

– Det er generelt eit godt samarbeid mellom Helse Fonna og kommunane, og vi opplever eit bra samhandlingsklima i dei ulike fora i helsefellesskapet. Framdrift i arbeidet i helsefellesskapet og oppstart i prosjekt og arbeidsgrupper kan ta lengre tid enn ønska, men det er viktig å ivareta brei representasjon og involvering.

Ei sak som har høg prioritet er talet på ferdigbehandla pasientar som blir liggjande på sjukehusa i påvente av kommunalt tilbod. Såkalla utskrivingsklare pasientar.

– Dette har vore ei stor utfordring i fleire år, men kommunane har gjort ein god jobb, og talet for mai er svært lågt, fortalte Mjør.

Ved utangen av mai var det 81 registrerte utskrivingsklare pasientar. Til samanlikning var det 291 i mai i fjor og 316 i januar i år. Sidan januar har talet gått ned for kvar månad.

– Her har kommunane gjort ein kjempejobb, kommenterte administrerande direktør Anders Hovland.

– Dette er viktig for beredskap og kvaliteten på pasientbehandlinga, og det er avgjerande at dette vert oppretthalde gjennom sommaren.

– Eit velfungerande organ

På styremøtet vart også årsrapporten for Klinisk etikk-komité (KEK) presentert.

Klinisk etikk-komité (KEK) i Helse Fonna er oppnemnt av administrerande direktør på bakgrunn av nasjonalt mandat for kliniske etikk-komitéar, og er ein del av sjukehuset sitt kvalitetsarbeid. KEK har elleve medlemmer. Ti av desse er tilsette i Helse Fonna. I tillegg er det ein brukarrepresentant.

– I løpet av 2025 har vi fått jurist i KEK, noko som er svært nyttig, starta fagdirektør Andreas Andreassen.

– Vi har fått tilstrekkeleg tverrfagleg breiddekompetanse, men manglar medlemmer med bakgrunn utanfrå Noreg og Europa. I 2025 har vi heller  ikkje hatt medlemmer med formell kompetanse i medisinsk etikk.

KEK har det siste året hatt ti møte og behandla fem saker. Alle saker var behandlingsrelatert.

– Klinisk etikk-komité er eit velfungerande organ som tek vare på denne delen av kvalitetsarbeidet i Helse Fonna, konkluderte Andreassen og avslutta med eit ønskje om å styrke KEK med formell kompetanse innan medisinsk etikk.