Skrivestipend gir medarbeidarar moglegheit til å forske
– Medarbeidarane våre er tett på utfordringane i helsetenesta og veit kva spørsmål vi treng å finne svar på, seier Haldis Økland Lier, leiar for forsking og innovasjon. No lyser Helse Fonna ut seks stipend som skal føre til nye forskingsprosjekt.
– Eit skrivestipend gir deg tid til å skrive ein søknad om ekstern finansiering, noko som er ein føresetnad for å kunne gjennomføre forskingsprosjekt. Stipendet gir frikjøp i 20 prosent stilling i inntil seks månadar, samt rettleiing og hjelp frå våre dyktige forskingsrådgivarar, seier Økland Lier.
Vil legge til rette for forskarkarriere
– I Helse Fonna har vi eit strategisk mål om å rekruttere fleire forskarar, styrke forskingsmiljøet og legge til rette for forskarkarriere for våre medarbeidarar. Skrivestipend er eit viktig tiltak for å nå desse måla, seier Økland Lier.
Helse Fonna har derfor sidan 2016 tildelt 14 skrivestipend som har ført til to fullførte og éin pågåande doktorgrad. I tillegg er 16 andre doktorgradar fullførte eller starta utan at kandidaten hadde skrivestipend.

Meiner skrivestipendet har vore avgjerande
Anestesilege Lars Langholm Larsen var éin av sju som fekk tildelt skrivestipend i fjor. Han har akkurat levert inn søknad til Helse Vest si årlege utlysing av forskingsmidlar.
– Skrivestipendet har vore avgjerande for meg. Både for å få sett av tid til skriving og få hjelp og rådgiving frå forskingsavdelinga, seier Langholm Larsen.
Å etablere eit forskingsprosjekt er tidkrevjande, fortel den erfarne anestesilegen.
– Du skal ikkje berre ha ein idé, men også formulere gode forskingspørsmål, planlegge kva data og forskingsmetode ein skal bruke, knytte seg til eit forskingsmiljø og finne hovudrettleiar og birettleiar for prosjektet. Dette får du god hjelp til frå våre forskingsrådgivarar når du jobbar med skrivestipend, forklarar han.

Jobbkvardagen ga idé til forskingsprosjekt
Sjølv fekk Langholm Larsen ideen til forskingsprosjektet sitt på jobb som anestesilege på legebil.
– Tala viser at kvinner berre utgjer 36 prosent av pasientane som får luftambulanse eller legebil, og dette gjorde meg nysgjerrig. Kva ligg bak desse tala? I prosjektet mitt vil eg analysere data frå fleire AMK-sentralar for å finne svar på kva som kan føre til over- eller undertriagering, fortel Langholm Larsen.
Svara han får, håpar han vil kunne bidra til riktigare triagering, betre pasientbehandling og god ressursbruk.
