Stoppar endringsprosess
Den føreslåtte endringa til felles avdelingsleiar for føde- og gynekologiske avdelingar ved Haugesund sjukehus og Stord sjukehus stoppast.

– Det er viktig for meg å understreke at fødetilbodet ved både Haugesund sjukehus og Stord sjukehus held høg kvalitet, seier administrerande direktør Anders Hovland.
Bakgrunnen for den føreslåtte endringa er eit ønskje om å styrke og sikre fødetilbodet ved Stord sjukehus på lang sikt, til tross lågare tal på fødslar, demografiske endringar og rekrutteringsutfordringar.
– Desse utfordringane vil vi fortsette å arbeide med, også etter at denne prosessen nå stoppast. Som administrerande direktør er det mitt ansvar at innbyggarane i regionen får trygge tenester av høg kvalitet.
Samarbeid og fagleg utvikling
Den føreslåtte organisasjonsendringa blei vurdert som eit grep for å styrke samarbeidet mellom dei to fagmiljøa og gjere tenestene meir robuste for framtida.
– Forslaget til endring har diverre skapt bekymringar i regionen både om at fødetilbodet og i forlenginga heile sjukehuset skal svekkast. Omfanget av desse bekymringane må eg ta på alvor. Når denne prosessen stoppast er det likevel avgjerande at fagmiljø, tillitsvalte, verneombod og leiarar finn gode løysingar for framtida. Det krev godt samarbeid og ei fortsett satsing på fagleg utvikling på tvers av sjukehusa i Helse Fonna.
Utfordringa ligger i å oppretthalde mengdetrening ved dei små fødeavdelingane for å ivareta kompetansebehovet framover, forklarer Hovland.
– Løysinga her må ligge i eit styrka og strukturert samarbeid mellom dei to fødeavdelingane i regionen vår.
– Må snakke om endring og utvikling
Helsetenestene våre vil krevje ei rekke endringar framover, både i store og små sjukehus, men det er hos dei små sjukehusa utfordringane vil vere mest akutte med tanke på rekruttering og aktivitet.
– Det er derfor viktig at vi kan snakke om endring og utvikling, utan av dette straks skaper frykt for nedlegging. Engasjementet som har blitt vist for sjukehuset og det lokale tilbodet er ei sterk kraft. Vi må bruke denne krafta til å vidareutvikle tenestene våre saman, slik at innbyggarane også i framtida har tilgang til trygge helsetenester av høg kvalitet nær der de bor.
For innbyggarane vil tilgangen på gode og trygge nærtenester innan helse framover avhenge nettopp av evne til endring, påpeiker administrerande direktør Anders Hovland.
– Framtidas helsetenester krev endring; det krev utvikling og ikkje minst krev det samarbeid, både mellom sjukehusa i regionen vår og ikkje minst mellom sjukehus og kommune. Skal vi lykkast med det, må vi lykkast saman.