– Tidenes jordmortreff
Samla over 50 jordmødrer for å snakke om framtidas jordmorteneste.

Jordmor Monica Tverfjell er i full sving med eit stort, og ikkje minst viktig, prosjekt. Målet er å utvikle ein berekraftig og heilskapleg omsorgsmodell for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i heile Helse Fonna-regionen.
Det skal skje gjennom styrka samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.
– Samanhengande jordmortenester gir betre kvalitet, og tilbakemeldingar på brukarundersøkingar visar at vi ikkje møter forventingane om ein heilskapleg teneste som snakkar i lag.

Jordmødrene våre er essensielle i Tverfjell sitt prosjekt.
– Ressursane må brukast på ein smart måte og vi må finne løysingar for å få fleire jordmødrer til å bli verande i yrket.

Tverfjell spør jordmødrene sjølv. Ved hjelp frå kompetansenettverket InnoMed har ho klart å samle over 50 jordmødrer frå heile Helse Fonna-regionen til ein workshop.
– Vi må få til langsiktige løysingar, og det kan vi ikkje gjere utan å snakke med jordmødrene. Derfor er dette innsiktsarbeidet gjennom jordmorworkshopen så viktig.
I forkant av workshoppen blei det gjennomført ei spørjeundersøking og djupneintervju med jordmødrer. Dette ga jordmødrene eit utgangspunkt for å diskutere utfordringar og moglegheiter.
– Målet er å etablere eit heilskapleg bilete av dagens jordmorteneste på tvers av kommunar og spesialisthelsetenesta i Helse Fonna. Vi ønskjer å identifisere sentrale behov, smertepunkt og forbetringsområder sett frå jordmødrene sin ståstad, seier Tverfjell.

Jordmødrene kom med mange innspel som blei samla inn og skal gi viktig innsikt for det vidare prosjektarbeidet.
Ved slutten av prosjektet skal ein kunnskapsbasert omsorgsmodell vere utvikla og klar for utprøving i etterfølgande prosjekt. Resultatet vil også gi eit kunnskapsgrunnlag for avgjerdstakarane og bidra i svangerskaps-, fødsel- og barselomsorga.









