Vesentleg betring i drifta
Målet er ein god og sunn økonomi, med overskot i drifta. No peikar junitala rett veg.

Det økonomiske resultata har i lengre tid ikkje vore som ønskja. Neste ordinære styremøte er sett til september, men for å følgje opp utviklinga blei det slutta å sette opp eit ekstra styremøte 30. juli.
Her fekk styret presentert gode tal.
Godt arbeid i heile organisasjonen har gitt effekt
Etter førre styremøte uttala administrerande direktør Anders Hovland:
– Det går føre seg eit omfattande arbeid med å forbetre drifta og sikra at dei tildelte ressursane blir nytta best mogleg for å sikre drifta av noverande helsetilbod, og evne til å investere i framtidas tenester.
Det har gitt gevinst.
Resultatet for juni syner ei vesentleg betring av det økonomiske resultatet, med eit positivt driftsresultat på 3,8 millionar kroner.
Styreleiar Petter Steen jr. er nøgd med utviklinga.
– Her bli det jobba veldig godt i heile organisasjonen, og vi ser nå resultata av tiltaka. Nå går det i riktig retning, konstaterer han.
I styremøtet denne juliføremiddagen kunne administrerande direktør vise at betringa er vesentleg samanlikna med mai og juni førre år.
– I juni ser vi blant anna auka aktivitet både innan poliklinikk og døgnbehandling, og nedgang i overtid og ekstrahjelp, presenterte Hovland.
– Effekten av tiltaka er meir enn oppnådd denne månaden. Det er gledeleg og eg vil understreke at den betringa vi ser nå er resultatet av eit omfattande, krevjande og godt arbeid av alle. Men vi har framleis mykje som skal gjerast før drifta er berekraftig.
Skal sikre varige kostreduksjonar
Personalkostnadar er framleis ei utfordring, sjølv om pilene peiker opp.
Samla kostnader til overtid og ekstrahjelp viser ein reduksjon på 1,3 millionar kroner frå mai til juni. Samanlikna med juni 2024 og 2025 er kostnadene reduserte med høvesvis 2,5 millionar kroner og 4,9 millionar kroner.
Likevel må vidare tiltak setjast i verk for å kome i budsjettbalanse
– Utviklinga fortel meg at arbeidet med å redusere bruken av overtid og ekstrahjelp har gitt effekt, og bidreg til eit lågare kostnadsnivå enn på same tidspunkt i fjor. Vi skal ha stort fokus på dette vidare, slik at vi så snart som mogleg får det handlingsrommet vi treng for å fortsette å investere i utvikling av verksemda vår.
Styret bad administrasjonen prioritere arbeidet med å sikre varige kostnadsreduksjonar framover.
– Vi skal oppretthalde aktivitet og samtidig oppnå resultat av tiltak som er sett inn. Det er krevjande, men går i riktig retning, uttala Anne Sissel Faugstad i styremøtet.
Nestleiaren løfta også fram overtid og meirarbeid.
– Dette er krevjande og her må vi både tenke på korleis vi nyttar kronene vi har og samstundes tek vare på våre tilsette, avslutta ho.