ANeED-studien tek i bruk smartteknologi for å samle data

ANeED-studien forskar på effekt av ambroksol ved demens med Lewylegemer (DLB). Eit tilleggsprosjekt skal sjå korleis heimebasert teknologi kan hjelpe oss vidare.

Eirik Dankel
Publisert 02.11.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Tilleggsprosjektet er kalla ANeED Joint Effort21, og startar opp frå november 2022. 

​​Bli med - ledig jobb som forskingssjukepleiar  

Høyrest dette spennande ut, kan du bli med.  

Aneed 2022 - foto Eirik Dankel.jpg

F.v.: Jessica Hubbers, Arne Nakling, Arvid Rongve, Elisabeth Kristiansen og Sarah Aarrestad. (Foto: Eirik Dankel)

​​Korleis kan mobil og smartklokke gi oss fleire svar? 

– I ANeED Joint Effort21 skal vi undersøke om heimebasert teknologi, basert på digitale data frå mobil og smartklokke, sensorar for søvn, rørsle og hjerneaktivitet, kan fange opp digitale signal frå sjukdomen demens med lewylegeme, forklarar Arvid Rongve som leiar ANeED-studiane. 

Forskarane skal også sjå om dei kan registrere ein eventuell behandlingseffekt frå ambroksol med desse sensorane. Men det er ikkje berre pasientane som skal få nytte av teknologien. 

– I tillegg ønskjer vi også å bruke digitale sensorar til å undersøke om vi kan fange opp symptom og teikn på pårørandebelasting som stress og søvnvanskar.  

Aneed 2022 - foto Eirik Dankel_4.jpg

Smartklokke, sensorar og mobiltelefon er alle hjelpemiddel som kan gi oss fleire svar.

aneed-app-bilde.png
Eigen app 

For alt dette er det utvikla ein applikasjon, kalla ANeED app-en.  

– Der kan pasienten få påminning og registrere inntak av medikament, og registrere potensielle uønskte hendingar og biverknader, seier Rongve. 

App-en skal også brukast til nokre digitale testar mellom sjukehusbesøka, som testar for å registrere motorisk funksjon og kognitive testar. 

Sjå eksempel på det i videoen.

 


Om A​NeED-studien 

  • Klinisk legemiddelstudie med ambroksol ved demens med Lewylegemer
  • Demens med Lewylegeme (DLB) er den nest vanlegaste forma for demens i Noreg 
  • Personer med sjukdommen utviklar ofte kognitiv svikt, parkinson-liknande symptom med gange- og balansevanskar, søvnforstyrring og synsforstyrring (hallusinasjonar)  
  • Ein ser også at merksemd og kor vaken personen kan variere​ 

​Om ANeED Joint​ Effort21 

  • I ANeED Joint Effort21 skal forskarane å undersøke om heimebaserte digitale metodar som kan bidra til å påvise demens med Lewylegeme og måle sjukdomsutvikling, samt angi prognose og måle effekten av legemiddelbehandlinga som pasienten mottar i ANeED-studien 
  • Dette vil bli gjort med bruk av smarttelefon, smartklokke, søvnsensor, sensor for beveging og ein trådlaus EEG sensor som kan festast bak på brillene 
  • I ein spesialutvikla applikasjon, kalla ANeED app-en, kan pasienten kan få påminning og registrere inntak av medikament, og registrere potensielle uønskte hendingar og biverknader 
  • App-en skal også brukast til nokre digitale testar mellom sjukehusbesøka, som testar for å registrere motorisk funksjon og kognitive testar ​​