Beredskapen blir heva til gult nivå

Pågangen av pasientar er no så stor at det er vanskeleg å finne plass til alle. Beredskapen blir heva frå grøn til gul beredskap.

Publisert 12.01.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Helse Fonna iverkset fleire tiltak for å få plass til alle pasientane som strøymer til sjukehusa. Blant anna blir planlagt aktivitet kutta på Stord sjukehus for å ta imot utskrivingsklare pasientar frå Haugesund sjukehus.

Kenneth Eikeset. (Foto)

Fungerande administrerande direktør i Helse Fonna, Kenneth Eikeset. (Foto: Eirik Dankel)

 Driftssituasjonen har denne veka blitt meir utfordrande. Kapasiteten er sprengt. Det er stort overbelegg og svært mange korridorpasientar. Vi har rett og slett plassmangel, opplyser fungerande administrerande direktør i Helse Fonna, Kenneth Eikeset.

At sjukefråværet framleis er høgt gjer ikkje akkurat situasjonen betre.

– Det aller meste av planlagt aktivitet er no stansa, og vi har flytta på medarbeidarar. Men no må vi gjere endå meir. Alt av pleiepersonell, som jobbar i andre avdelingar, blir no sett inn i døgnpleie. I tillegg er det kalla inn til ekstramøte med kommunar som har utskrivingsklare pasientar, fortel Eikeset. Unnataket er øyeblikkeleg hjelp og kreftkirurgi, som blir skjerma.

– Situasjonen er ekstraordinær, og det er mykje meir utfordrande enn på det verste i pandemien, konstaterer Eikeset.

Helse Fonna har ved fleire høve oppmoda pårørande om å avgrense besøk. Det har hatt liten effekt. 

– Vi kan ikkje anna enn å oppmode om å ikkje komme på besøk slik situasjonen er no. Og skal ein komme på besøk, kom i visittida, oppmodar Eikeset.

Beredskapsnivå

Grøn bereds​​kap
Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

Gu​l beredskap

Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Raud beredskap

Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.​​





Viktig informasjon om besøk

Grunna stort press og høg smitterisiko ber vi om du nøye vurderer i kva grad besøk til pasientar på våre sjukehus er nødvendig.
Les meir
Inngang Haugesund sjukehus. (Foto)