Beredskapen blir heva til gult nivå
Pågangen av pasientar er no så stor at det er vanskeleg å finne plass til alle. Beredskapen blir heva frå grøn til gul beredskap.
Helse Fonna iverkset fleire tiltak for å få plass til alle pasientane som strøymer til sjukehusa. Blant anna blir planlagt aktivitet kutta på Stord sjukehus for å ta imot utskrivingsklare pasientar frå Haugesund sjukehus.
![Kenneth Eikeset. (Foto)](/4aa8a4/contentassets/6dd11062211f460c828431d6c5d06b18/kenneth-eikeset-2022---foto-eirik-dankel.jpg?width=1731&height=1154&quality=80&format=webp)
Fungerande administrerande direktør i Helse Fonna, Kenneth Eikeset. (Foto: Eirik Dankel)
At sjukefråværet framleis er høgt gjer ikkje akkurat situasjonen betre.
– Det aller meste av planlagt aktivitet er no stansa, og vi har flytta på medarbeidarar. Men no må vi gjere endå meir. Alt av pleiepersonell, som jobbar i andre avdelingar, blir no sett inn i døgnpleie. I tillegg er det kalla inn til ekstramøte med kommunar som har utskrivingsklare pasientar, fortel Eikeset. Unnataket er øyeblikkeleg hjelp og kreftkirurgi, som blir skjerma.
– Situasjonen er ekstraordinær, og det er mykje meir utfordrande enn på det verste i pandemien, konstaterer Eikeset.
Helse Fonna har ved fleire høve oppmoda pårørande om å avgrense besøk. Det har hatt liten effekt.
– Vi kan ikkje anna enn å oppmode om å ikkje komme på besøk slik situasjonen er no. Og skal ein komme på besøk, kom i visittida, oppmodar Eikeset.
Beredskapsnivå
Gul beredskap
Raud beredskap
![Inngang Haugesund sjukehus. (Foto)](/4aa85d/contentassets/6dd11062211f460c828431d6c5d06b18/ny-gangvei-haugesund-sjukehus---2022---foto-eirik-dankel_22.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)