Best i landet på hjartestans

Ambulansetenesta i Helse Fonna er best i landet på gjenoppliving av pasientar med hjartestans, viser tal frå Norsk hjertestansregister.

Publisert 24.08.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Ambulase Stord - foto Eirik Dankel - 29082014 - 06.jpg

Ein av kvalitetsindikatorane i Norsk hjertestansregister er “vellykket gjenopplivning etter hjertestans”. Her er Helse Fonna på topp i Noreg på kvalitetsindikatoren som målar talet på pasientar som får tilbake eigen pulsgivande hjarterytme i minst 20 minutt, eller fram til pasienten blir levert frå ambulansen til ein annan del av helsetenesta. 

Her er statistikken frå Norsk hjertestansregister: SKDE - Kvalitetsregistre 
 

Auka kompetansen ​

–​ Denne indikatoren er avhengig av innsatsen og samspelet mellom publikum og alle aktørane i den akuttmedisinske kjeda, frå rask varsling og tidleg start av hjarte/lunge-redning, til 113-sentralen som sender ut ambulansen og sjølvsagt kvaliteten på jobben ambulansepersonellet gjer, forklarar avdelingsleiar Lene Pedersen - ei av fleire som har vore i sentral i arbeidet med å auke kvaliteten på dette feltet. 

Helse Fonna toppar også den nasjonale statistikken som viser pasientar som framleis lever 30 dagar etter hjartestansen.
  
Verken Pedersen eller dei andre involverte i arbeidet er i tvil om kva som er årsaka til dei gode tala: Fokus og auka kompetanse. 

hjartestans.jpeg

Fokus på hjartestans: Målretta og strukturert fokus på hjartestans har gjeve gode resultat for ambulansetenesta i Helse Fonna, fortel fagutviklar Sissel Habbestad (t.v.) og avdelingsleiar Lene Pedersen. 


– I 2020 endra Helse Fonna struktur på kompetansegruppa. Vi gjekk frå tre til seks fagutviklarar, som no har mindre stillingar. Det gjer at vi har fagutviklarar fordelt i heile føretaket og på fleire ambulansestasjonar. Det blei jobba strukturert med ein toårsplan for å auke kunnskapen om hjartestans. Vi har hatt fagdagar og månadens tema som handlar om hjartestans, med både teori og praktisk øving, fortel Pedersen. 
 

Frå 25 til 36 prosent ​

Gjennomsnittleg del pasientar som fekk tilbake eigen hjarterytme etter plutseleg hjartestans har dei siste åra vore mellom 27 og 28 prosent på landsbasis. I Helse Fonna har prosentdelen auka frå 24 prosent i 2019, til heile 36 prosent i 2022. 

Sissel Habbestad er ei av dei nye fagutviklarane som starta i januar 2020. Ho stadfestar at dei har stort fokus på å halde oppe kompetanse blant medarbeidarane, og at dei held seg oppdaterte på retningslinjer. 

– Vi er stolte når vi ser at resultata blir stadig betre, og det viser kor viktig det er å halde fokuset oppe, seier Habbestad. 

Alf Reksten (biletet) er ein av veteranane når det gjeld opplæring og kompetanse i ambulansetenesta. Han er svært godt nøgd med resultata. 
alf-reksten-foto-stina-steingildra1.jpg


– Ambulansetenesta i Helse Fonna har i mange år jobba grundig og godt med tanke på både å behandle pasientar med hjartestans på best mogeleg måte, men også å få registrert dette på tilsvarande god måte. Heilt ifrå det nasjonale registeret vart oppretta, har dette arbeidet blitt lagt merke til på nasjonalt nivå. Det er ingen tvil om at arbeidet med hjartestans i Helse Fonna har auka stort når det gjeld kvalitet dei siste åra, og dette skal leiinga av ambulansetenesta ha ein stor del av æra for, seier Reksten. 

Her er årsrapporten frå hjartestansregisteret: Microsoft Word - Årsrapport 2022_v1.docx (kvalitetsregistre.no)