Blir ny fagdirektør

Andreas Andreassen er tilsett som ny fagdirektør i Helse Fonna.

Publisert 23.09.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Andreas Andreassen har takka ja til stillinga som fagdirektør i Helse Fonna. Han jobbar i dag som overlege på barneavdelinga på Haugesund sjukehus. Han er også ansvarleg for opplæring av LIS-legar.  Andreassen startar som fagdirektør i løpet av desember.

andreas-andreassen-foto-stina-steingildra-intranett.jpg

Ny jobb: Andreas Andreassen tek over stillinga som fagdirektør etter Haldis Økland Lier i løpet av desember. Foto: Stina Steingildra


– Eg vil forsøke å ta opp arven etter avtroppande fagdirektør og følgje opp det gode arbeidet ho har gjort. Så gjeld det å ta vare på alle dei svært flinke fagfolka vi har i Helse Fonna og hjelpe til med å byggje kompetanse slik at vi er rusta til å møte framtidige utfordringar. Vi må vere eitt samla føretak som trekkjer i same retning og nytte dei ressursane vi er så heldige å ha, på beste måten, seier Andreassen. Han tek over stillinga etter Haldis Økland Lier, som har vore fagdirektør sidan 2014. Ho overtek jobben som forskingssjef i Helse Fonna etter Anne-Lise Kvalevaag frå 1. desember.

Det var fire søkjarar til stillinga som fagdirektør. Administrerande direktør Olav Klausen er godt nøgd med kvaliteten på søkjarane, og er glad for at Andreas Andreassen no har takka ja til tilbodet.