Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blir ny klinikkdirektør

Ingvill Hystad Kyvik (47) er tilsett som Klinikkdirektør medisinske tenester og beredskap.

Publisert 16.11.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

– Det blir både spennande og kjekt. Eg er opptatt av korleis vi kan gi pasientane eit godt møte med Helse Fonna, og korleis vi møter kvarandre på jobb. Eg trur eit godt arbeidsmiljø der folk trivst på jobb, får faglig utvikling og har fokus på kvalitet betyr mykje for tenestene vi leverer til pasientane. Eg ser fram til å bli kjent med og jobbe saman med alle dei dyktige fagfolka som er i klinikken, og byggje vidare på den gode jobben som blir gjort kvar dag. Det blir harde prioriteringar framover, men eg trur vi saman skal få det til. Eg gler meg til å bidra til dette som klinikkdirektør, seier Ingvill Hystad Kyvik.

 

Ingvill-hystad-kyvik1-fotomagnekydland.jpg

Skiftar jobb: Ingvill Hystad Kyvik har vore avdelingsleiar for ambulansetenesta i Sunnhordland i 11 år. No blir ho klinikkdirektør, og ein del av toppleiargruppa i Helse Fonna. Foto: Magne Kydland

 

47-åringen frå Stord har lang fartstid i Helse Fonna, og har dei siste 11 åra vore avdelingsleiar i ambulansetenesta i Sunnhordland. Ho er utdanna sjukepleiar, og jobba fleire år som sjukepleiar på Stord sjukehus, både på medisinsk avdeling og i akuttmottaket, før ho gjekk over i ambulansetenesta.

 

Trivst som​​​ leiar

– Eg får heldigvis framleis ha det prehospitale feltet som del av den nye jobben. Målet då eg starta utdanninga mi var å bli anestesisjukepleiar, men underveis så endra interessa seg til leiing, så i 2019 var eg ferdig med ein master på BI. Eg trivst svært godt som leiar i Helse Fonna, og likar når vi får til å samarbeide på tvers mellom avdelingar og sjukehus, seier den nytilsette klinikkdirektøren, som i løpet av januar tek over jobben Sverre Kolbeinsen Lien har hatt i snart fem år.

Administrerande direktør Olav Klausen uttalte at han var godt nøgd med søkjarlista på stillinga, med mange gode kandidatar, både internt og eksternt. Han ønskjer Ingvill Hystad Kyvik lukke til som klinikkdirektør i ein klinikk med over 400 medarbeidarar, og med eit budsjett på 560 millionar kroner.

– Ingvill har lang erfaring i føretaket og i klinikken, og ho har tidlegare vikariert i denne stillinga. Det meistra ho på ein god måte. Saman med god leiarutdanning og -erfaring, så er eg trygg på at ho vil meistre også denne oppgåva, og eg ønskjer henne velkommen som medlem av toppleiargruppa i Helse Fonna, seier Klausen.

 

Ny avdelingsleiar

Ingvill Hystad Kyvik er ikkje den einaste som skiftar arbeidsstad frå Stord til Haugesund. Rita Danielsen Tyse (50) har fått jobben som avdelingsleiar for laboratoriemedisin i Helse Fonna.

Ho startar den 16. januar, og overtek jobben etter Sidsel Aaker.

Rita Danielsen Tyse har jobba i Helse Fonna sidan 1996, og har dei siste 11 åra vore funksjonsleiar for laboratoriet på Stord sjukehus.​