Brukarane møtte styret

Pasient- og brukarombodet, Brukarutvalet og Ungdomsrådet fekk presentere seg på dagens styremøte i Helse Fonna.

Publisert 23.06.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Det var sett av god tid til brukarrepresentantane på Helse Fonna sitt siste styremøte før ferien. 

ungdomsrådet.jpeg

Ungdomsrådet: Ungdomsrådet presenterte 11 gode råd til helsepersonell i møte med barn og unge. Frå venstre Tea Bjelland, Elisabeth Kvinnsland, Elina Haavik Dale​, Emma Sofie Lae-Pedersen og Siv Emberland. 
 
Emma Sofie Lae-Pedersen og Siv Emberland presenterte Ungdomsrådet og orienterte om sitt arbeid. Dei toppa det heile med 11 gode tips om korleis helsepersonell kan møte dei unge på best mogeleg vis. 

–​ Det er ofte små og enkle grep som skal til, bare det å smile og seie hei er viktig. Hugs namnet mitt og les journalen min, er nokre av råda dei to etterkvart så erfarne ungdomsrådsrepresentantane fortalde om. 

Alle dei 13 medlemmene i Ungdomsrådet har erfaring frå helsevesenet, anten som pasientar eller pårørande, og ungdomsrepresentantane fekk positive tilbakemeldingar frå fleire i styret. 

Les meir om Ungdomsrådet her: Ungdomsrådet - Helse Fonna (helse-fonna.no) 
 

Bekymra for somm​arstenging 

Leiar i Brukarutvalet, Grete Müller, er endå meir erfaren. Ho har vore aktiv i lokalt, regionalt og nasjonalt arbeid for brukarar i heile 20 år. No er ho inne i sin siste periode som leiar for brukarutvalet i Helse Fonna.  
 
brukarutvalet.jpeg
Brukarutvalet: Tre representantar frå Brukarutvalet deltok på styremøtet. Frå venstre Anne Karin Sørdal, Kjersti Haugen (sekretær) og Grete Müller (leiar). 
 
Müller tok opp fleire problemstillingar då ho fekk ordet i styremøtet. Ho er mest bekymra for lang ventetid for barn og unge i psykisk helsevern, og sommarstenging av avrusingsposten i sommar. 

–​ Tidlegare år har pasientar i Helse Fonna-regionen hatt tilbod om avrusing ved Rogaland A-senter i sommarmånadene, men dette tilbodet blei lagt ned i mars. Når Helse Fonna i år vil stengje i åtte veker, fryktar vi at tiltaket kan få alvorlege konsekvensar for pasientane sitt liv og helse. Dette er direkte uforsvarleg, sa Müller på møtet - og bad om svar på kva som vil bli gjort med desse utfordringane. 
 

Mindre ventetid BUP 

–​ Ventetida på BUP har vi jobba systematisk med lenge. Blant anna er kapasiteten auka, fordi vi har fått rekruttert inn spesialistar inn i ledige stillingar. No ser vi teikn til at tiltaka verkar, for ventetida har gått ned no ved inngangen til ferien, seier administrerande direktør Anders Hovland. 
  
Når det gjeld sommarstengt avrusingspost, så vil det også bli tilbod til denne pasientgruppa i sommar.  

– Vi legg ikkje ned tilbodet, men det er redusert om sommaren, på grunn av tilgang på personell. Dei to akutte døgnplassane vil vere opne. Vi samarbeider med Haugaland A-senter, som tilbyr planlagt avrusingsopphald gjennom sommaren, seier Hovland. Han legg til at dei alt no planlegg for å kunne opretthalde fullt tilbod neste sommar.

Müller var nøgd med svara, og fekk positive tilbakemeldingar i retur frå styret. 

Les meir om Brukarutvalet her: Brukarutvalet - Helse Fonna (helse-fonna.no) 
 

Fekk fleire saker​​ 

Pasientombod Gro Snortheimsmoen Bergfjord i Rogaland presenterte årsmeldinga for Pasient- og brukarombodet 2022. Her kjem det fram at dei i fjor hadde 200 saker som gjeld Helse Fonna (181 i 2021). 166 av sakene kjem frå Haugesund sjukehus, 23 frå Stord, 8 frå Odda og 3 frå Valen sjukehus. 
Dei fleste sakene handlar om psykisk helsevern for vaksne. Det meste handlar om behandlingstiltak og oppfølging. 

Lurer du på kva Pasient- og brukarombodet kan tilby? Les meir her: Pasient- og brukerombudet (pasientogbrukerombudet.no) 
 

Positiv utvikling ​

Rapporten for mai syner ei positiv utvikling på fleire sentrale område av drifta.  

Det er generelt kort vurderingstid på pasienttilvisingane. Dette tyder på god styring og kvalitet på vurderingsarbeidet.  
Vidare er det generelt nedgåande ventetid i heile føretaket. For tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) er det no kort ventetid og i samsvar med kravet. På det somatiske området er det ein klar reduksjon over tid. Unntaket er psykisk helsevern for barn og unge, der ventetida har auka. Det er framleis ingen fristbrot på dette området, men den gjennomsnittlege ventetida er for lang, og klinikken har utarbeidd ein handlingsplan for å bøte på dette. Elles er det ein nedgåande trend også på dette området, med færre fristbrot både på tvers av fagområde og klinikkar, sjølv om talet framleis er høgt. Det er og positivt at det er færre replanleggingar frå føretaket si side, og også dette er i samsvar med måltalet for føretaket. 
 

Mange møter ikkje ​

Det er framleis eit altfor stort tal pasienttimar som går tapt på grunn av manglande oppmøte, men talet syner ei positiv utvikling i forhold til replanlegging frå føretaket si side, og indikerer gode rutinar. Det er ei bekymring at delen pasientar som ligg på korridor har auka. Dette er eit mønster også frå tidlegare år for denne tida av året, men det må vurderast tiltak for å førebyggje ei vidare utvikling inn mot sommaren her. Som det går fram av rapporten, er det framleis mange pasientar som er ferdige med behandlinga, og som ventar på eit tilbod i kommunen der dei bur.  

Det er ei positiv utvikling i sjukefråværet, både når det gjeld korttids- og langtidsfråvær, og samla er nivået for mai lågare enn snittet for føregåande år.  

Det økonomiske avviket for mai er 21 millionar kroner, og samla er underskotet hittil i år på over 110 millionar kroner. Dette trass i at det er henta ut god gevinst frå dei tidlegare etablerte tiltaka. Hovudårsaka til underskotet er knytt til variable lønnskostnader som overtid og vikarbruk, samt eit høgt kostnadsnivå. Under føresetnad av at ein får henta ut den resterande gevinsten av dei etablerte tiltaka, vil underskotet for året vere nærare 90 millionar. 

– Det er ein del ting som viser betring, men så blir det spist opp av andre utgifter som aukar. Til dømes blir lønsoppgjeret dyrare enn vi får kompensert, og inflasjonen er svært høg. Eg opplever at administrasjonen har eit godt fokus på dette, og det er viktig å halde fram med det, og ikkje miste gangsynet. Vi kan ikkje gå og tru at staten skal rette opp i alle auka utgifter, så dette må vi ordne på eiga hand. Dette blir krevjande, men det er ein god retning på jobben som no blir gjort for å ta ut gevinstar. Eg trur det vil gje resultat, seier styreleiar Petter Steen jr. 
 
ungdommar-styremøte.jpeg
Engasjerte: Styreleiar Petter Steen jr. tok seg god tid til ein prat med ungdommane i Ungdomsrådet. Frå venstre Emma Sofie Lae-Pedersen, Elisabeth Kvinnsland, Tea Bjelland, Siv Emberland (bak), Siv Carlsen (sekretær) og styreleiar Petter Steen jr.