Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Den økonomiske situasjonen forverrar seg

Økonomi vart det store temaet på dagens styremøte i Helse Fonna. Årets budsjettavvik ligg an til å bli over 150 millionar kroner.

Publisert 29.09.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

– Ja, det er alvorleg, og vi tek situasjonen på alvor, forklarte administrerande direktør Olav Klausen då styret var samla for første gong etter ferien.

Økonomi var tema også før ferien, og det vart sett i verk ulike tiltak for å få ned kostnaden, og for å auka inntektene. Dette har ikkje gjeve dei resultata som ein håpa på, og no blir det sett i verk endå fleire tiltak.

–  Den økonomiske situasjonen i Helse Fonna er alvorleg. Pandemien har kosta oss mykje. Og slik er det i store delar av helse-Noreg i dag. No må vi fokusere på det kvar og ein av oss kan gjere noko med. Vi må ha brei dialog og involvering av alle medarbeidarar og saman gjere naudsynte tiltak framover, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Rekneskapsresultat syner per august 2022 eit negativt avvik i høve til budsjett på om lag 25 millionar kroner. Akkumulert i 2022 er det eit avvik på 153 millionar kroner i høve til budsjett.

 

Pandemien er hovudårsaka​

Det er i hovudsak verknader frå pandemien som har gitt eit sterkt svekka resultat så langt i 2022. Kostnadane er knytt til mellom anna auka bruk av månadsverk for å etablere ekstraordinære vaktordningar, smitteverntiltak og auka kostnadar til medikament, varer og reagensar til undersøkingar. Pandemien har også bidrege til eit høgt sjukefråvær i heile 2022. Auken i månadsverk handlar om auke i faste stillingar og auka bruk av overtid og innleige.

Aktiviteten har vore lågare enn budsjettert, spesielt for planlagd behandling, som til dømes operasjonar. Det har gitt lenger ventetid, fleire fristbrot og lågare inntekt.

– Vi treng difor å løfte aktiviteten, poengterer Klausen.

Også mange inneliggjande, utskrivingsklare pasientar har ført til store kostnader i form av ekstra bemanning, samt bruk av overtid og innleige i sommar.

 

Nye tiltak​​​

– Vi har sett som mål å redusere styringsfarten slik at månadsresultata utover hausten blir i tråd med budsjett. Det er per i dag tilstrekkeleg likviditet til å oppretthalde planlagde investeringar. Eg håpar at felles innsats gjer at vi kan lukkast med å nå målet om å redusere styringsfarten, forklarar Klausen.

Blant dei nye tiltaka er å redusere kurs, reiser- og transportkostnader, avvikle alle avtalar som fører til ekstrautgifter, minimal bruk av innleige, rekruttere i ledige stillingar, setje i verk tiltak for å redusere sjukefråværet, strengare reglar for innkjøp, auke bruk av poliklinikk i staden for innlegging, betre utnytting av operasjonskapasitet mellom sjukehusa og vurdere bruk av gjestepasient og fritt behandlingsval i Klinikk for psykisk helsevern og rus.

– Sjølv om tiltaka kan verke omfattande, er viktig å at arbeidsmiljø, kvalitet og pasienttryggleik ikkje skal bli råka på ein uforsvarleg måte, understrekar Klausen.

Direktøren informerte også styret at han ynskjer å utgreie mogleg sal av eigedommar der det ikkje skjer pasientbehandling for å skaffe kapital til føretaket. Dette kan til dømes vere bustadar som føretaket eig.


Styret er bekymra​​​

Diskusjonen om økonomi tok naturleg nok mest tid, og mange bad om ordet. Og alle var samde om at situasjonen er alvorleg.

– Dette er ein alvorleg situasjon, noko vi må få inn i vedtaket, starta Anne Sissel Faugstad. Ho understreka at helseføretaka alltid har blitt «redda» av staten tidlegare år, men at det ikkje vil skje denne gongen.

– Dette er historisk alvorleg, eg kan ikkje hugse slike tal før. Alvorleg er eit for svakt ord. Dette er ei uakseptabel utvikling, noko må skje, supplerte Brian Bjordal.

Styret ser ikkje føre seg nokre strukturelle endringar i høve til tilboda ved dei tre somatiske sjukehusa, men understrekar at her må ein sjå på tiltak som verkeleg monnar. Og då i første rekkje kutte ned på innleige, vikarbruk og bruk av overtid.

– Dette er ei problemstilling som ikkje er ny, men som er meir synleg og alvorleg no. Får ein ikkje kontroll på økonomien raskt, er eg redd at Helse Fonna i neste omgang må gjere tiltak som smertar meir enn dette, uttalte Bjordal.

– Styret vil arbeide tett saman med administrerande direktør i den vidare prosessen, for å snu den økonomiske utviklinga, kommenterer styreleiar Petter Steen jr.

 

 

Flest pasientskader innan ortopedi​

Norsk pasientskade-erstatning (NPE) er ein etat under Helse- og omsorgsdepartementet. NPE behandlar krav om erstatning frå pasientar som meiner dei har fått skade som følgje av svikt i utgreiing eller behandling i helsetenesta. I 2021 var det fjerde året på rad at det blei utbetalt over ein milliard kroner i erstatning til pasientar og etterlatne. NPE fekk 6553 nye søknadar om erstatning i 2021, det er ein auke på 15 prosent samanlikna med året før. Det var 674 søknadar om erstatning etter koronasmitte og vaksine i 2021, og dette forklarer i stor grad auken frå året før.

Fagdirektør Haldis Økland Lier orienterte styret om status for NPE-saker i Helse Fonna.

– NPE tok imot 91 saker frå Helse Fonna i 2021, til samanlikning tok NPE imot 94 saker frå Helse Fonna i 2020. 15 saker frå Helse Fonna fekk medhald i 2021, medan det i 2020 var 27 saker som fekk medhald. I 2021 blei det utbetalt 18,9 millionar kroner i erstatning frå NPE i saker tilhøyrande Helse Fonna, mot 18,1 millionar i 2020. Eigendelen for kvar sak er for føretaka kroner 10.000 og 10 prosent av resterande erstatningsbeløp opp til 100.000 kroner. Det var flest saker knytt til ortopedi, totalt 26 saker. 9 av sakene knytt til ortopedi fekk medhald, 17 fekk avslag. Det var sju saker knytt til psykisk helsevern, der ei sak fekk medhald, opplyste Økland Lier.

Tal på NPE-saker knytt til Helse Fonna har vore relativt stabile dei siste fem åra, det gjeld også parten som får medhald. Ortopedi er det medisinske fagområdet med flest saker, det gjeld alle dei siste fem åra.

 

Forskingsaktivitet​​

Styret fekk også ei orientering om forskingsaktiviteten i føretaket. Forskingssjef Anne Lise Kvalevaag går no av med pensjon, og Haldis Økland Lier overtek denne rolla frå 1. desember.

Anne Lise Kvalevåg og Haldis Økland Lier 2022 - foto Eirik Dankel.jpg
 

Forskingssjefar: Anne Lise Kvalevaag (t.v.) går no av med pensjon, og fagdirektør Haldis Økland Lier overtek jobben som forskingssjef 1. desember. Foto: Eirik Dankel

 

Forsking er saman med pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, og utdanning av helsepersonell, dei fire oppgåvene sjukehusa særleg skal ivareta. Forsking har som mål å få fram ny og nyttig kunnskap. Den viktigaste nytta er den som pasientane opplev i form av betre utgreiing, behandling og oppfølging.

Hovudmålsetjing i strategien er at Helse Fonna skal ha forsking og innovasjon av god kvalitet i alle kliniske einingar.

Helse Fonna har over fleire år hatt ein auke i forskingsproduksjon. Eit nasjonalt registreringssystem for forsking  måler all forskingsaktivitet i Noreg, både artiklar, bøker, bokkapittel og doktorgradar gir poeng. Forskingspoeng dannar vidare grunnlaget for tildeling av forskingsmidlar til dei regionale helseføretaka. I 2021 var det 71 vitskaplege publikasjonar der ein eller fleire forfattarar var tilsett i Helse Fonna. Det blei ikkje avlagt doktorgradar i Helse Fonna i 2021. I oktober 2021 oppnådde Arvid Rongve professorkompetanse og blei tilsett i ei 20 prosent bistilling som professor ved Universitet i Bergen.

I 2021 sende Helse Fonna inn 10 søknadar om regionale forskingsmidlar til Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon i Helse Vest. Ingen av desse fekk tildeling. 5 tidlegare tildelte stipend vart vidareført. Helse Fonna finansierte i 2021 tre doktorgradsstipend i 50 prosent. I tillegg finansierer Helse Fonna eitt postdok-prosjekt finansiert 50 prosent frå Helse Vest og 50 prosent frå Helse Fonna.