Denne gjengen fekk arbeidsmiljøprisen
Avdeling for helsedata skilde seg ut blant dei 16 søkjarane.
![En gruppe kvinner som poserer for et bilde](/4adbf6/contentassets/8cb7ae1882ba4bab8bff1a070743b416/arbeidsmiljoprisen-2023---foto-eirik-dankel_11.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Gjengen held til på Raglamyr i Haugesund, og det var også der utdelinga skjedde.
Der blei ein god og uvanleg start på veka for kollegaene. Noko forfjamsa samla dei seg i fellesarealet og fekk utdelt applaus og heider.
– Vi søkt mange gonger, så nå var det vår tur, seier avdelingsleiar Åse Lervik Steine og latteren fylde rommet.
– Nei da, vi er veldig glade for å vinne, og heile avdelinga skal ha æra for å få til dette. Tusen takk.
![Et par kvinner poserer for et bilde](/4adb72/contentassets/8cb7ae1882ba4bab8bff1a070743b416/arbeidsmiljoprisen-2023---foto-eirik-dankel_6.jpg?width=1731&height=1154.577&quality=80&format=webp)
Rekordmange søkjarar
Alle avdelingar i Helse Fonna kan søke om Arbeidsmiljøprisen. I år var det heile 16 søkjarar.
Arbeidsmiljøutvalet meiner dette syner at mange er nøgde med arbeidsplassen sin. Dei ønskjer å få fram korleis jobbar målretta og systematisk med HMS-arbeid gjennom året.
– Det er veldig positivt at så mange har søkt. Det er eit teikn på at det vert arbeidd godt med arbeidsmiljøet ute i avdelingane, seier leiar av Arbeidsmiljøutvalet, Leif Terje Alvestad.
![En mann og en kvinne som har sertifikat](/4adbb0/contentassets/8cb7ae1882ba4bab8bff1a070743b416/arbeidsmiljoprisen-2023---foto-eirik-dankel_7.jpg?width=1731&height=1154.577&quality=80&format=webp)
– Glad og stolt
Det er administrerande direktør Anders Hovland heilt einig i.
– Eg synst det er utruleg kjekt å sjå at det det blir gjort eit så godt og systematisk arbeid med arbeidsmiljø og HMS i Helse Fonna. Det er eg både glad for og stolt av.
Han fortsett:
– Dette arbeidet skjer i godt samarbeid mellom leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta, og det store talet på søknader viser at det er mange som er nøgde med arbeidsplassen sin i heile verksemda vår.
![En gruppe personer som har et sertifikat](/4adbb1/contentassets/8cb7ae1882ba4bab8bff1a070743b416/arbeidsmiljoprisen-2023---foto-eirik-dankel_9.jpg?width=1731&height=1154.577&quality=80&format=webp)
Kvifor vann Avdeling for helsedata prisen?
AMU trekkjer fram desse punkta som grunngjeving for tildelinga:
«Avdelinga har ein grundig og gjennomarbeidd søknad. Alle kriteria er svara ut og søknaden syner at avdelinga arbeider veldig godt med systematisk HMS-arbeid. Avdelinga har identifisert mange gode trivselsfaktorar og beskriv det gode arbeidsmiljøet sitt både med sosiale- og organisatoriske faktorar.
Medarbeidarane brukar kvarandre og delar erfaring og kompetanse. Det gjev bredde og kvalitet i arbeidet. Leiar og verneombod har deltatt på HMS-kurs. Dei har ein plan om å ha årleg gjennomgang av, saman med BHT, tilrettelegging av arbeidsplassen og månadleg internundervisning med tema som er aktuelle for fag og HMS.
Verneombod deltek i HMS arbeidet og har vore involvert i vurderingar på det fysiske arbeidsmiljøet, arbeidsbelastning og flytting. Avdelinga har nytta BHT både til førebygging og ved oppdukkande behov. Avdelinga har sett HMS-arbeidet i system, og det ser ut til å fungere veldig bra».