Ein del barn bør få influensavaksine

FHI åtvarar mot ein kraftig infeksjonssesong. Barnelege Grete Vigemyr på Haugesund sjukehus rår barn i risikogruppene til å ta influensavaksine.

Publisert 21.11.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Dette har ikkje vore så tydeleg informert om tidlegare år og mange foreldre er nok ikkje klar over at det kan gjelde deira barn.

​ Barn i risikogruppene bør absolutt ta influensavaksine. Ein reknar med at om lag sju prosent av barnepopulasjonen i Norge er i risikogruppene, opplyser barnelege Grete Vigemyr (biletet).

grete-vigemyr.jpg


Her er risikogruppene for alvorleg influensa:

  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • Hjartesjukdom
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade (til dømes epilepsi)
  • Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling (som til dømes organtransplanterte, kreft)
  • Lever- eller nyresvikt
  • Diabetes (spesielt ved dårleg regulert blodsukkernivå)
  • Svært alvorleg fedme
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom, der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (til dømes personar med medfødd kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)
  • Born fødde før svangerskapsveke 32 til og med det året dei fyller 5 år

 

– Ein tilrår at barn i risikogruppene får influensavaksine frå seks månaders alder, opplyser Vigemyr.

​Ho presiserer at kvar og ein må kontakte fastlegen for å få influensavaksine, dette er ikkje tilbod på sjukehuset.​