Ein krevjande situasjon

Mange pasientar, mykje smitte og høgt sjukefråvær blant medarbeidarane skapar utfordringar for Helse Fonna i inngangen til julehøgtida.

Publisert 20.12.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Trykket har vore høgt den siste tida, særleg på Haugesund sjukehus.

Mange pasientar og mykje smitte har det vore lenge, og med vinterføret kom også brotpasientane.

Sist veke og helga var svært hektisk, med fulle avdelingar og mange korridorpasientar. Situasjonen vert ikkje betre av at mange medarbeidarar ligg nede for teljing.

– Situasjonen er krevjande, særleg ved Haugesund sjukehus. Vi har gjort ein del grep for å få drifta til å gå rundt. Blant anna er det medarbeidarar som har blitt kalla tilbake frå ferie, og vi ringjer rundt for å få tak i ekstra personell, opplyser administrerande direktør Olav Klausen (biletet).

olav klausen1.jpg

Andre helseføretak slik som Helse Stavanger, har innført beredskap grunna situasjonen. Det er førebels ikkje aktuelt i Helse Fonna.

 

Viktig med gode smittevernrutinar

Sjukehusa i Helse Fonna merkar ein stor auke i smitte, det gjeld både covid-19, influensa og RS-virus. Dette råkar også medarbeidarane.

Situasjonen blir ikkje betre av at det er ein del utskrivingsklare pasientar som kommunane ikkje klarar å finne plass til. Helse Fonna er i tett dialog med dei aktuelle kommunane og håpar at dei kan gjere ein ekstra innsats slik at ein får skrive ut pasientane frå sjukehusa før høgtida.

Klausen minner om at det framleis er viktig å ta smittevern på alvor.

– Sjølv om vi ikkje har like strenge tiltak ute i samfunnet lenger, så er det framleis viktig med smitteverntiltak. God handhygiene er viktig, alltid, ein må halde seg heime ved sjukdom og ein bør bruke munnbind for å hindre andre i å bli smitta, minner Klausen om.

munnbind.jpg

Munnbind: Sjølv om det ikkje er krav om bruk av munnbind lenger ute i det offentlege, kan det likevel vere mange situasjonar der dette kan vere lurt, for å hindre smittespreiing. Og det er framleis reglar om munnbindbruk inne på sjukehusa.  Foto: Eirik Dankel


Les meir om smittevern på FHI sine nettsider: Smittevernråd - FHI

 

Besøk og telefonkø​​

I tillegg oppmodar Klausen om at pårørande avgrensar besøk så langt det let seg gjere.

– På grunn av den høge smitterisikoen ønskjer vi å avgrense besøket mest mogeleg. Vi ber om at pårørande vurderer i kva grad besøk er naudsynt, og at ein kanskje ikkje tek med heile familien, men kjem åleine, sluttar Klausen.

Sjukfråværet råkar alle avdelingar, også kontaktsenteret. Der har det vore svært høgt fråvær siste tida, noko som har ført til ekstra lang ventetid på å komme gjennom på telefon. Helse Fonna ber difor publikum vere merksame på utfordringa, og har ein behov for å ta kontakt, så ber ein om at det vert gjort digitalt, så langt som det er mogeleg.​

Haugesund sjukehus - inngang - foto Eirik Dankel.jpg

Mindre besøk: Helse Fonna håpar pårørande vurderer i kva grad det er nødvendig å komme på besøk på sjukehusa i føretaket. Foto: Eirik Dankel