Ein styreveteran trer av

Brian Bjordal går ut av Helse Fonna-styret etter 10 år.

Magne Kydland
Publisert 30.01.2024
Sist oppdatert 01.03.2024
En mann med briller
Brian Bjordal har vore med i Helse Fonna-styret i fleire periodar. (Foto: Eirik Dankel)

Brian Bjordal er den med lengst fartstid i Helse Fonna-styret. No gir han seg etter 10 år. Han har vore nestleiar i styret i alle dei ti åra.

– Det er ei tid for alt, og no trappar eg gradvis ned mot å nyte livet. Eg føler meg privilegert som har fått vore med så lenge, og med så mange trivelege og dyktige folk, seier Bjordal, som snart fyller 70 år.

Han var også med i styret heilt i starten, frå 2001 til 2004, og han var innom Helse Vest-styret i halvanna år etter det.

– Det har vore ei fantastisk lang og lærerik reise, særleg for meg som kom frå ei heilt anna verksemd enn eit helseføretak. Eg har lytta og lært mykje, slår Bjordal fast.

Tre store saker

– Kva er den største forskjellen på Helse Fonna i dag kontra 2001?

– Systemet er mykje meir profesjonelt, på alle nivå, både i styret og i drift. Men også mykje meir komplisert. Sjukehusa er styrt frå sentralt hald, og det skal vere likt for heile landet, noko som kan føre til store utfordringar. Dette gjer at det av og til kan bli litt vel byråkratisk, med avgrensa handlekraft lokalt, meiner Bjordal.

Når han tenkjer tilbake, er det tre store saker som dukkar opp fremst i minnet, og som har ført til store diskusjonar og utfordringar: Akuttberedskapen i Odda, nybygg i Haugesund og pandemien.

– Trass i desse sakene, så meiner eg at Helse Fonna har komme styrkja ut av det. Helse Fonna leverer gode tenester til innbyggjarane, og pasientane er nøgde. Det er jo det aller viktigaste. Vi er heldige som bur i eit land som Noreg.

Bjordal blir erstatta av Jo Eikeland Roald.

Brei kompetanse

Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF, rettar ein stor takk til Brian Bjordal, og dei andre som går ut av styra i føretaka i regionen.

– Dei har gjort ein solid og viktig innsats. No ser eg fram til samarbeidet med dei nye styra for sjukehusa på Vestandet og Sjukehusapoteket Vest. Dette er styre som har god samfunnsforståing og brei kompetanse. Saman skal vi jobbe for at helsetenestene våre er trygge og gode, samstundes som dei må vere berekraftige og framtidsretta, seier ho.

Styra i helseføretaka

Styra er øvste ansvarlege organ i føretaka. Dei skal leggje til rette for at helseføretaka gir gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga. Dei årlege oppdragsdokumenta og styringsdokumenta dannar grunnlaget for styra.

  • Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar. Sju er eigaroppnemnde, medan fire er valde av og blant dei tilsette
  • Styremedlemmene er oppnemnd for ein periode på to år
  • Sjå oversiktene over heile styret til helseføretaka på nettsidene til helseføretaka - sjå styresida til Helse Fonna

Styret i Helse Fonna

I styret er det både eigaroppnemnde styremedlem og medlem valde av dei tilsette.

Styreleiar

Petter Steen jr.

Nestleiar

Anne Sissel Faugstad (styremedlem også tidlegare, ny som nestleiar)

Styremedlem

Eigaroppnemnde (oppnemninga gjeld frå 5. februar 2024): Kjersti Follesø, Ingvill Skogseth, Helga Arianson, Jo Eikeland Roald (ny) og Styremedlem Per Karlsen.

Valde av dei tilsette: Nina Budal, Heiko Bratke, Morten Lyngås Føyen og Andrika Sabine Linnea Hagfjäll-Lande.