Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endeleg kan Tor (70) få heimedialyse

Etter fleire år som pendlar til dialyseavdelinga på Stord sjukehus kan Tor Opsanger no skifte ut blodet heime i sitt eige hus.

Publisert 09.08.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

–​ Dette er ein milepåle for oss, seier funksjonsleiar Agata Kapucinska ved Felles intensiv og dialyseavdelinga ved Stord sjukehus.  

tor1.jpeg

Dialysepasient: Tor Opsanger svært nøgd med opplegget, og håpar at fleire kan få eit slikt tilbod. Alle foto: Magne Kydland

Ikkje berre er 70-åringen frå Sunde i Kvinnherad den første heimedialysepasienten ved Stord sjukehus. Han er også den første og einaste i landet som har teke i bruk den heilt nye Physidia-maskinen frå Medcom. 

tor2.jpeg

Tek tid: Førebuinga tek tid, og må utførast skikkeleg. For kvar heimedialyse går det opptil 4 timar. Totalt opp mot 20 timar i veka.

Tre gonger i veka med reise fram og tilbake over fjorden, for dialyse på Stord sjukehus. Frå seks til åtte timar kvar gong. Slik har kvardagen vore for Opsanger i over to år. 
Men no er det annleis. Frå starten av mai har han sjølv ansvaret for dialysen. Men det går likevel nokre timar. Først ein time til førebuing og opprigging, så to timar med sjølve dialysen, og så ein liten time til avkopling, komprimering og opprydding. Totalt tek det 3,5 til 4 timar.  
 

Meir fleksibel ​​​

–​ No er det dialyse fem gonger i veka, i staden for tre. Så totalt går det nesten like mange timar. Men det blir jamnare og betre dialyse med fem dagar i veka, og eg har jo meir fleksibilitet i høve til dagar og tidspunkt, forklarar Opsanger. 

Men det er også nokre utfordringar. Svært mykje utstyr og boss, til dømes. Og familien blir ein del av dialysen, på godt og vondt. 

–​ Utstyret tek jo ein del plass. Eg har installert meg på heimekontoret. Eg brukar fem posar med dialysevæske per behandling (biletet under), og får leveranse for ein månad om gongen. Dvs. 120 posar, noko som krev stor lagringsplass, fortel Tor, i det han koplar til slangar og justerer programmeringa på nettbrettet.  
tor5.jpeg


Etter kvar behandling lagar datasystemet i dialysemaskinen ein rapport, som blir sendt automatisk til Stord sjukehus. Der har han også to kontaktpersonar han kan ringje til om han treng hjelp. Han kan også ringje leverandøren om noko uventa skulle oppstå. 

–​ Men stort sett går det veldig greitt. Men det er jo ein fordel med både praktisk kunnskap og datakunnskap, seier den pensjonerte IT-ingeniøren. 
 

Ventar på nyre ​​

Physidia-maskinen er mykje mindre enn dei vanlege dialysemaskinane, som er som eit stort kjøleskap. Førebels er dette den einaste i sitt slag i Noreg. Målet frå helsestyresmaktene er at 30 prosent av dialysebehandlinga skal skje heime hos pasienten. Men det er langt fram til målet. Tor Opsanger glad for at han får høve til det.
 
–​ No har eg venta på ny nyre i snart to og eit halvt år, og med min blodtype er eg førebudd på å vente i to og eit halvt år til. Så det er heilt klart ein fordel å sleppe å reise så mykje. Dette apparatet kan eg også ta med meg på reise, til dømes om ein skal på hyttetur, men førebels har eg ikkje gjort det, fortel 70-åringen. 

Inntil då må han halde fram med dialyse. Fem dagar i veka. Inntil fire timar kvar gong.
 
tor3.jpeg

 
–​ Det er jo tryggare med dialyse på sjukehuset. I tillegg til tryggleiken og fagkompetansen på sjukehuset så kan eg nok også til tider sakne dei kjekke og hjelpsame folka på dialyseavdelinga, både pasientar og personalet. Heimedialyse betyr meir ansvar, meir arbeid og det kan bli stressande dersom noko gale skjer, eller ein alarm går. Men eg opplever dette som svært meiningsfullt, sluttar dialysepasienten. 
 

Leiger inn maskinen ​

Funksjonsleiar Agata Kapucinska håpar at denne løysinga kan utvikle seg dei neste åra, slik at fleire dialysepasientar kan få auka sjølvstende og livskvalitet.

dialysedamer.jpeg
 
Dialysesjukepleiarar: Tor Opsanger får god oppfølging frå blant andre Gloria Hansen (t.v.) og Agata Kapucinska.

–​ Denne maskinen er leigd inn for at Tor kan få behandlinga heime, i staden for å reise over fjorden til Stord sjukehus. Vi sette i gang prosjektet saman med vår flinke koordinator, Aud Marit Furre, som fann aktuell leverandør. Dei to dialysesjukepleiarane Gloria Hansen og Elisabeth Brandsdal Danielsen fekk opplæring, og har ansvar for å følgje opp pasienten. Vi har sett frå første stund at dette kom til å gå kjempebra, fordi Tor er veldig pliktoppfyllande, sjølvstendig, dyktig og interessert i å ta ansvar for sin eigen dialyse, forklarar Kapucinska. 

PS: Tor Opsanger er den første pasienten med heimedialyse på Stord sjukehus, og den første og førebels einaste i landet med såkalla hemodialyse (bloddialyse) med denne type dialysemaskin. Men han er langt ifrå den første heimedialysepasienten i Helse Fonna. Ved dialyseavdelinga på Haugesund sjukehus er det for tida åtte pasientar som har heimedialyse, og dette tilbodet har dei hatt i mange år.