Får 12 millionar til forsking på kvinnehelse

Forskingsrådet gir 60 millionar kroner i støtte til seks forskingsprosjekt med særleg fokus på kvinner. Helse Fonna får 12 millionar.

Publisert 21.09.2023
Sist oppdatert 01.03.2024
Aneed april 2021 - foto Eirik Dankel_3-crop.jpg
Forskar: Arvid Rongve har forska på demens i ei årrekkje.

Seks prosjekt får til saman 60 millionar kroner i støtte.

Eitt av prosjekta er i regi av forskarar i Helse Fonna, leia av Arvid Rongve: “Dementia with Lewy bodies in women: combating misdiagnosis through sex-specific biomarkers of disea​se risk and progression".

–​ Vi treng meir kunnskap om kvinner si helse. Difor er det viktig at det no blir sett i gang fleire forskingsprosjekt som kan bidra til nettopp dette. Regjeringa er oppteken av auka forskingsinnsats for betre kvinnehelse, og har difor prioritert øyremerka midlar til dette, seier helse- og omrsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Helse Fonna sitt prosjekt rettar merksemda mot demens med lewylegemer, og særleg utfordringar knytt til diagnostisering av denne demenstypen hos kvinner.

– Prosjektet vil styrkje forsking i Helse Fonna, men også styrkje det gode samarbeidet som er regionalt og nasjonalt på dette forskingsfeltet, seier Haldis Økland Lier, leiar for forskings- og innovasjonsavdelinga.

Prosjektleiar Arvid Rongve har forska på demens i mange år, og er svært glad for støtta.

–​ Dette blir eit tilleggsprosjekt til vår kliniske legemiddelstudie, og vi vil bruke blodprøvar, ryggmargsprøvar og genetikk til å sjå nærare på diagnostisering av demens med lewylegemer hos kvinner. Dette er ein sjukdom som i større grad råkar menn enn kvinner, og han råkar litt ulikt hos menn og kvinner. Men vi har ein mistanke om at sjukdommen er underdiagnostisert hos kvinner, og det er d​ette vil vil prøve å finne meir ut av, seier Rongve.

– Forskingsbasert kunnskap er avgjerande for effektiv behandling og for omstilling av helsesektoren. Vi opplever enorm interesse frå fagmiljøa som ønskjer å forske på feltet, og det er lovande for kvinner si helse, seier adm. dir. i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.

Les meir her: 60 millioner kroner til forskning på kvinnehelse (forskningsradet.no)