Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Felles intensiv avdeling ved Stord sjukehus feira 25 år

Ei veke etter at OL på Lillehammer stegde dørene, opna nye FIA på Stord sjukehus.

Publisert 25.02.2021
Sist oppdatert 01.03.2024

Kollegar-FIA-2019.jpg
Frå venstre: Gro Fatland, Målfrid T. Gundegjerde, Hans Olav Fadnes, Ann Kristin N. Langballe, Frode Framnes, Ragnhild N. Fylkesnes, Martha Saue, Kåre Grimstad, Kim Olsen, Kristine A. Imsland, Grethe Skaret, Stina Gjerstad og Gunn Bakkevoll.

25 år har gått sidan 7. mars 1994, dagen dei to intensivavdelingane ved Stord Sjukehus, Recovery og OVA, blei slått saman til Felles intensiv avdeling, betre kjent som FIA. Difor var det på sin plass med kakefeiring førre veke.

Fleire av kollegaene, både sjukepleiarar og legar har vore her sidan den gong, inkludert Hans Olav Fadnes og Grethe Skaret som også var på opninga.

– Vi set stor pris på kvar og ein, og kvir oss kvar gong nokon nærmar seg pensjonsalder, seier fagutviklingssjukepleiar Kristine Aasheim Imsland.

Etterkvart har dei fleste i avdelinga vår fått auka kompetanse, der omlag 70 % har vidareutdanning i intensivsjukepleie, men her er også kollegaer med vidareutdanning i kardiologi og nefrologi. Og meir kompetanse er på veg.  

– Heldigvis har vi kollegaer som held på med vidareutdanning i intensivsjukepleie slik at vi kan oppretthalde det gode faglege nivået, seier Imsland.

Funksjonsleiar-Agata-Kapuscinska-og-seksjonsleiar-Eli-Karin-Solli.jpg

Frå venstre: Funksjonsleiar Agata Kapuscinska og seksjonsleiar Eli Karin Solli

  • FIA er i dag rekna som ei nivå 1 intensivavdeling, noko som betyr at dei tilbyr behandling av pasientar med kortvarig behov for respiratorbehandling og overvaking, samt pasientar med behov for NIV. Dei har ei samansett pasientgruppe med akutt/kritisk sjuke både medisinske, kirurgiske og gynekologiske pasientar

  • Her er 14 senger – 2 intensivsenger, 6 postoperative senger og 6 intermediær senger

  • Telemetri-overvaking av pasientar ved andre avdelingar er ein sentral funksjon

  • Dialyseavdelinga på Stord er også ein del av avdelinga, der omlag 1/3 av personalet rullerar