Forlengjer søknadsfristen to veker

Søknadsfristen for stillinga som administrerande direktør i Helse Fonna vert forlengja til 3. november.

Publisert 24.10.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Tilsetjingsutvalet har bestemt seg for å forlengje søknadsfristen for stillinga som administrerande direktør i Helse Fonna til 3. november 2022.

​ Ved utløp av søknadsfristen 23. oktober har fleire kvalifiserte søkjarar vore i kontakt med Habberstad. Habberstad bistår utvalet i tilsetjingsprosessen. Det er behov for meir tid til dialog med dei som har henvendt seg for å avklare om dei framleis er aktuelle søkjarar, og om dei eventuelt har grunner til å be om unntak frå å stå på søkjarlista, heiter det i ei melding frå tilsetjingsutvalet, som skal behandle endeleg søkjarliste i møte 4. november.

Tilsetjingsutvalet består av Petter Steen jr., Brian Bjordal, Nina Budal og Anne Sissel Faugstad.

Interessert? Les meir om stillinga her: No er stillinga lyst ut - Helse Fonna (helse-fonna.no)