Stord først ut med nytt system for fosterovervaking

Skal erstatte dagens løysing i heile Helse Vest.

Magne Kydland
Publisert 07.06.2024
Sist oppdatert 12.06.2024

 

En gruppe kvinner i hvite labfrakker står foran en datamaskin
Maria Hauge (t.v.) (jordmorstudent), Line Mæland (jordmor) og Gro Larsen (jordmor) testar det nye systemet.

– Det er ikkje ofte at vi på Stord er pilot for alle fødeavdelingane i Helse Vest RHF. Prosjektet skal innføre ny regional løysing for fosterovervaking for alle fødeavdelingane i Helse Vest. Mosos NXT er vald som system, og det skal erstatte dagens løysing, Stan Viewer Live. Gynekolog Marte Jettestad har vore Helse Fonna sin representant inn i prosjektet, og har gjort ein flott jobb, seier avdelingsleiar Isabel Solvang på Føde-, barsel- og gynekologisk avdeling på Stord sjukehus.

Gynekolog og overlege Marte Jettestad ser fram til ein betre kvardag, både for medarbeidarane, som vil få eit betre og meir effektivt system, men spesielt med tanke på pasienttryggleiken.

– Fram til no har vi og fødeavdelinga i Førde hatt fosterovervaking på papir, det vil seie vi må inn på fødestova for å sjå korleis fosteret har det under fødsel. No kan vi logge oss på kva PC som helst, også heime, og sjå på fosterovervaking (CTG). Etter kvart som dei andre sjukehusa koplar seg opp med denne løysinga, så vil vi ha same tilgang, slik at eg til dømes kan ringje til legar i Haugesund eller i Bergen for å få ein «second opinion». Det har ikkje vore mogeleg tidlegare, fortel Jettestad.

Fødeavdelingane i Helse Vest er først ut i landet med dette systemet, som er mykje brukt i Europa. Årsaka til at fødeavdelinga på Stord er først ut er at den kliniske gevinsten er størst der, og dei har etablerte rutinar for å skrive ut på papir, slik at dei har eit back up-system. 

En person som sitter ved et skrivebord med en datamaskin og en telefon
Overlege Marte Jettestad har vore Helse Fonna sin representant i prosjektet, og ho fortel at den nye fosterovervakingssystemet vil bety mykje både for dei tilsette og for pasienttryggleiken.

– Det er bestemt at vi skal køyre parallelt med gammalt og nytt system gjennom sommaren som eit ledd av pilotprosjektet. Sommaren er alltid forbunde med  høg aktivitet, og ein er meir sårbar med mange ferievikarar inne for dei faste som har ferie, seier Jettestad.

Ho har stor tru på at pilotprosjektet vil gagne både pasientar og medarbeidarar, samstundes som det vil gje god og viktig erfaring vidare i Helse Vest-familien.