God erfaring med kunstig intelligens

Bruk av kunstig intelligens (KI) er på full fart på veg inn i helsevesenet. På Haugesund sjukehus har dei teke i bruk KI både på radiologisk avdeling og på laboratoriet for medisinsk mikrobiologi.

Magne Kydland
Publisert 03.05.2024
En mann og en kvinne i et laboratorium
Funksjonsleiar Tiril Knutsen og bioingeniør Walelgne Yimer Mekonnen synest det er både kjekt og stas at dei er blant dei første i landet til å bruke KI-programvare for sjekk av urinprøvar. Foto: Eirik Dankel

Overlege Arne M. Skjold på radiologisk avdeling har brukt KI i mange år. Kvart år undersøkjer den erfarne overlegen tusenvis av mammografiscreening-bilete.

Bruk av kunstig intelligens ville gjort jobben både raskare, og kanskje også sikrare. Men i og med at det er Kreftregisteret som har ansvaret, så er det dei som bestemmer. Enn så lenge, og sikkert i eit par år til, må Skjold og kollegaene framleis kike på bileta på den gode, gamle måten.

En mann som sitter ved et skrivebord med et par dataskjermer

Overlege Arne M. Skjold på radiologisk avdeling har brukt kunstig intelligens i mange år, og håpar at han om ikkje så altfor lenge til også kan ta verktøyet i bruk på mammografi screenings-bileta. Foto: Eirik Dankel

I bruk i dag

På andre område er KI allereie i bruk, som for kvinner som kjem inn på klinisk undersøking. Her har dei brukt KI i fem år allereie.

– Vi var tidleg ute. Då vi skulle få status som brystdiagnostisk senter hadde vi vanskar med å rekruttere nok radiologar. Slik fekk vi tidleg tilgang til KI-verktøy som kunne hjelpe oss med å tolke bileta. Dette var nok også lettare å få til sidan vi er eit lite sjukehus.

Verktøyet hjelper radiologane på mange måtar, både til å oppdage ørsmå fortettingar og som hjelp i travle tider.

– Kunstig intelligens vil nok komme meir og meir, og vil vere eit viktig og godt verktøy med mål om å få meir helsevesen med mindre folk, trur Skjold.

En mann som sitter ved et skrivebord med flere skjermer
Kvart år undersøkjer overlege Arne M. Skjold tusenvis av mammografiscreening-bilete. Foto: Eirik Dankel

KI på urinprøvar

Det er ikkje berre innan radiologi ein brukar KI. På laboratoriet for medisinsk mikrobiologi på Haugesund sjukehus bruker dei verktøy for avlesing av urinprøvar.

– Programvara Phenomatrix er eit sorteringsverktøy som blir brukt til digital avlesing. Ved hjelp av bildeanalyse, LIS-data og predefinerte reglar, sorterer vi urinprøvar automatisk, forklarar funksjonsleiar Tiril Knutsen.

Regelsettet sorterer prøvane i ulike mapper og undermapper, der prøvane i kvar mappe må undersøkast av brukar før ei oppgåve kan endrast eller bli bekrefta.

Teknisk utfører programvara ein semi-kvantitativ og kvalitativ analyse. Den gjer vurderingar av eit stort tal isolat eller ulike bakteriekoloniar ved hjelp av blant anna fargegjenkjenning og storleiken på koloniane, vurdering av mengde, og sett deretter ulike oppgåver eller konklusjonar på urin biplatene.

Etter å ha gjennomgått om lag 3000 urinprøvar i demoversjon, gjorde laboratoriet for medisinsk mikrobiologi vurderingar for risiko, avgrensingar og tiltak. Så blei KI-verktøyet implementert og opplæring gjennomført i juni i fjor.

En person i hvit frakk
Funksjonsleiar Tiril Knutsen på laboratorium for medisinsk mikrobiologi på Haugesund sjukehus meiner kunstig intelligens gjer at analysearbeidet blir både meir effektivt og sikrare. Foto: Eirik Dankel

Erfaringane så langt er positive

– Alt i alt er vi svært godt nøgde, og det er utruleg spennande med kunstig intelligens, seier Knutsen.

– Før jobba vi meir manuelt, no kan vi eigentleg kalle det digital mikrobiologi.

Eit viktig moment ved bruk av KI er å kartleggje og vere klar over avgrensingane i programvara. Slik sikrar laboratoriet at det blir rapportert ut rette svar på pasientprøvar.

– Så klart, programvara kan gjere feil. Det er vårt ansvar å oppdage. Difor er god opplæring og prosedyrar ein viktig føresetnad for oss.

Betre tilgang til KI-verktøy

Ein ny avtale mellom Helse Vest og Sectra gir sjukehusa i regionen betre tilgang til utvalde verktøy innan kunstig intelligens.

Eitt av verktøya gir støtte til avgjersler ved mammografiscreening (AIMS-studien). Her blir KI brukt som ein del av biletvurderinga i ein elles normal screeningsituasjon.

Avtalen har også gitt utvalde sjukehus i Helse Vest moglegheita for å prøve andre KI-applikasjonar.

Der det kan monne mest

Røntgen av lungene (røntgen thorax) og beinbrot er dei radiologiske undersøkinga det blir teke flest av på sjukehusa i Helse Vest. Heile 4 av 5 medisinske pasientar som blir innlagde på sjukehus må ta røntgen av lungene i løpet av opphaldet.

Bileta blir beskrivne av radiologar, og den tilvisande legen får svaret i journalsystemet. Kor lang tid dette tek, varierer frå minutt til fleire timar, avhengig av kapasitet og tidspunkt på døgnet. 

Haraldsplass diakonale sjukehus og Stavanger universitetssjukehus skal no over ein tremånaders periode teste KI på undersøkingar som blir tekne ved beinbrot og bryst-lungetilstandar. 

Kan det gi betre og meir effektiv pasientflyt?

For kunstig intelligens er kjapt: Med KI kjem svar på fire viktige diagnosar etter 1-2 minutt! Slik kan vi få ein betre pasientflyt.

No testar radiologane kvaliteten på KI ChestView-diagnosar, som dei kallast, og ser om det fungerer som det skal. Viss dette er vellykka, er det moglegheiter for å gjere varige positive endringar i pasientflyten. 

Erfaringar frå andre sjukehus, både i Noreg og resten av verda, tilseier at bruk av KI på røntgenundersøkingar kan gi svært god støtte til å analysere eksempelvis beinbrot.

– Vi håpar at KI som avgjerdsstøtte skal bidra til at pasientane får redusert ventetida hos oss og at radiologane og radiografane våre opplever vaktene mindre hektiske, seier Kristine Bø, områdeleiar bilete, styringsstruktur for digitalisering i Helse Vest. 

Gjennom å prøve ut KI-verktøy på ein trygg og kontrollert måte håpar dei å erfare ein meir effektiv pasientflyt og meir rett bruk av ressursane.

– Difor gler vi oss stort over denne utviklinga og ser fram til utviklinga på dette området.