Helse Fonna går ned til grøn beredskap

Situasjonen har betra seg, og Helse Fonna går difor frå gul til grøn beredskap.

Publisert 23.01.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Etter fleire veker med svært høgt belegg og mange korridorpasientar er situasjonen på sjukehusa i Helse Fonna no meir stabil.

– Presset i akuttmottaka og på sengepostane er mindre, og sjølv om det framleis er mange pasientar innlagt, så er det ikkje så stort overbelegg lenger. Totalt sett har vi betre kontroll, og går difor ned eit beredskapsnivå. Men beredskapsleiinga følgjer nøye med situasjonen dag for dag og vurderer kva beredskap vi skal ha, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna. Han registrerer at tiltaka har hatt god effekt. 

Måndag morgon var talet på utskrivingsklare pasientar sju. Det er det lågaste talet sidan før jul.

– God og tett dialog med kommunane har hjelpt, og dei har teke imot mange utskrivingsklare pasientar. Vi håpar no å komme i gang att med fleire operasjonar og planlagt aktivitet, seier Klausen.​

Akuttmottak nybygg - august-2021 - foto Eirik Dankel_4.jpg

Beredskapsnivåa i Helse Fonna

Grøn​​​​ beredskap

Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

Gul beredskap

Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

​​​Raud beredskap

Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.​