Helse Fonna går ut av beredskap

Administrerande direktør Olav Klausen rosar alle medarbeidarane som har stått på ekstra siste månaden.

Publisert 31.01.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Helse Fonna går ut av beredskap, etter fleire veker med svært høgt trykk. Det bestemte beredskapsleiinga tysdag formiddag.

Akuttmottak nybygg - isolat - foto Eirik Dankel_14.jpg

Stor tilstrøyming i akuttmottaka, mykje smitte og høgt sjukefråvær blant medarbeidarane, gjorde at føretaket først gjekk i grøn, og seinare til gul beredskap. Den siste tida har Helse Fonna vore einaste føretaket på Vestlandet som framleis har hatt beredskap, men siste veka har driftssituasjonen normalisert seg.

– Det er framleis mange smitta pasientar, men på langt nær så mange som for nokre veker sidan. Det er også færre intensivpasientar, og sjukefråværet har gått ned. Difor går vi no ut av beredskap, men vi følgjer framleis drifta tett, opplyser administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen. Han nyttar høvet til å rosa medarbeidarar som har stått ekstra på i denne krevjande perioden.

–​ Eg vil takka leiarar og medarbeidarar for innsatsen siste månaden, og utan dei hadde vi ikkje komme oss gjennom desse vekene så godt som vi klarte, understrekar Klausen (biletet).​

olav klausen1.jpg