Helse Fonna hevar beredskapen

Kombinasjonen høgt sjukefråvær, mange pasientar med smitte og stort overbelegg er hovudårsaka til at Helse Fonna no går over til grøn beredskap.

Publisert 03.01.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Skilt i akuttmottak. (Foto)

Etter fleire veker med utfordrande driftssituasjon bestemte leiinga i Helse Fonna tysdag å heve beredskapen til grøn. Årsaka er svært mange pasientar, der mange er smitta av covid-19, influensa eller RS-virus, kombinert med høgt sjukefråvær blant medarbeidarane.

Grøn beredskap inneber at fleire tiltak blir sett i verk. Blant anna vert planlagde operasjonar utsett, og personell blir flytta på, slik at ein er i stand til å ta seg av øyeblikkeleg hjelp.

Kenneth Eikeset. (Foto: Eirik Dankel)

Fungerande administerande direktør Kenneth Eikeset. (Foto: Eirik Dankel)

 Å gå over til grøn beredskap gir oss nokre fleire knappar å trykkje på i høve til å sikre bemanning og drift, seier fungerande administerande direktør Kenneth Eikeset.

Ei av utfordringane er det store talet på utskrivingsklare pasientar. Måndag morgon var det 21, tysdag var talet 19.

– Vi er i tett dialog med kommunane og reknar med at vi skal greie å løyse situasjonen saman, seier Eikeset.

Det vert også vurdert andre tiltak, som endring av geografiske grenser for opptaksområda til sjukehusa og flytting av pasientar mellom sjukehus.

Pågangen på akuttmottaket ved Haugesund har dei siste vekene vore enorm. Mange pasientar har venta lenge, og mange har blitt sendt heim.

–​ Difor er det viktig at fastlegar og legevaktar vurderer i kva grad sjukehusinnlegging er nødvendig. Situasjonen har lenge vore utfordrande. No er han alvorleg. Difor hevar vi beredskapen, understrekar Eikeset.

Helse Fonna følgjer dermed etter Helse Stavanger og Helse Vest RHF, som i romjula sette beredskap.

​ 

Beredskapsnivå i Helse Fonna


​Grøn bereds​​kap

Grøn beredskap
Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

Gu​l beredskap

Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Raud beredskap

Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.​​