Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ute av beredskap

Dei fleste vegar i Ryfylke og Hardanger er no opna, og Helse Fonna har ikkje lenger ekstra tiltak.

Publisert 22.01.2024
Sist oppdatert 01.03.2024

Oppdatert onsdag 24.1.2024, klokka 13.44

Det var søndag kveld at fleire vegar i Hardanger, og etterkvart nokre i Sauda og Suldal, vart stengde som følgje av flaum, ras og fare for ras.

Helse Fonna innførte raskt tiltak, både for å sikre nok personell på jobb på Odda sjukehus, og flytte og oppbemanne ambulansar, slik at vi var stasjonerte på flest mogeleg sider av dei stengde vegane.

No er dei aller fleste vegane opna att, og Helse Fonna gjekk difor ut av beredskap onsdag klokka 13.30.