Ho blir ny forskingssjef

Haldis Økland Lier sluttar som fagdirektør og går over i stillinga som forskingssjef i Helse Fonna.

Publisert 17.08.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Haldis Lier-2017-foto-eirik-dankel_2.jpg

Haldis Økland Lier blir frå 1. desember ny forskingssjef i Helse Fonna. Den ledige stillinga som fagdirektør blir lyst ut denne veka.

 

– Har løfta f​orskinga

​Administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, er glad for at Haldis Økland Lier held fram i føretaket.

– Eg vil takke Haldis for den formidable jobben ho har gjort som fagdirektør gjennom mange år. Ho har bidrege i mange vanskelege prosessar og ho har representert Helse Fonna på ein framifrå måte på mange ulike arenaer. Eg er glad for at ho blir i føretaket og no skal bli forskingssjef. Haldis er oppteken av å bringe forskinga meir inn i klinikkane. Den spennande stillinga som fagdirektør blir lyst ut denne veka, seier Klausen, som samstundes vil takke Anne Lise Kvalevaag for jobben ho har gjort i ei årrekkje som forskingssjef.

anne-lise-kvalevaag-haldis-okland-lier-foto-stina-steingildra-intranett.jpg

Forskingssjef: Anne Lise Kvalevaag (t.v.) går av med pensjon 1. oktober, og 1. desember trer Haldis Økland Lier inn i rolla som forskingssjef. Den spennande stillinga som fagdirektør er no lyst ut.


– Anne Lise har samla forskinga i Helse Fonna under ein organisasjon, og heile forskingsfeltet har fått eit løft. Avdelinga kan vise til strålande resultat, noko både kvaliteten i forskinga og talet på publikasjonar viser, seier Klausen.

Kvalevaag, som har vore forskingssjef i sju år, går av med pensjon 1. oktober.

 

Kjenner avdelinga godt

Haldis Lier Økland er spesialist i psykiatri og har doktorgrad frå UiB frå 2012. Stillinga som fagdirektør har ho hatt sidan 2014.

– Forskings- og innovasjonsavdelinga har ein svært viktig funksjon i føretaket vårt. Spesielt viktig synest eg arbeidet med å få forsking og klinikk tettare saman, slik at føretaket kan tilby meir utprøvande behandling gjennom kliniske studiar. Eg veit dette er viktig for pasientane våre, seier Økland Lier, og viser til at forsking er ei av helseføretaka sine fire hovudoppgåver.

– Eg håpar å kunne bidra til enno større engasjement og eigarskap til dette i alle klinikkane, det er viktig for pasientane våre, for fagutvikling og rekruttering. Eg kjenner avdelinga godt og veit det er mange flinke medarbeidarar. Eg gler meg til å bidra, slik at dei kan få starte og gjennomføre prosjekta sine. Vårt føretak både kan og skal bidra med ny og nyttig kunnskap, som kan endre både innhald i og måten vi gir tenestene våre, seier den nye forskingssjefen frå 1. desember.​