Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kort ventetid i Helse Fonna

For trettande månad på rad kunne administrerande direktør Olav Klausen melde at pasientar i Helse Fonna har kortare ventetid enn det nasjonale kravet på 65 dagar. Det kom fram under dagens styremøte i føretaket.

Margareth. H. Langebro
Publisert 25.11.2016
Sist oppdatert 01.03.2024

​I somatikken var ventetida i snitt 57 dagar. Ventetida innan vaksenpsykiatrien skal vere under 45 dagar, innan barne- og ungdomspsykiatrien under 40 dagar og innan rusfeltet under 40 dagar. Føretaket nærmar seg kravet innan BUP-feltet (41 dagar) og er innanfor kravet i vaksenpsykiatrien og rusfeltet.

– Aktivitetsveksten har vore særs høg i 2016. Den må reduserast i 2017, men vi vil fortsatt prioritere kreftbehandling og pasientar som treng rask utgreiing og behandling. Det kan til neste år bli noko lengre ventetid for pasientar med tilstandar som ikkje hastar. Vi skal sjølvsagt gi rask behandling til dei som treng det, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Budsjett 2017


Styret i Helse Fonna vedtok i dag budsjett for det komande året.  Det blir gjennomført omstillingar i 2017 for å nå resultatkravet frå eigaren Helse Vest RHF.

I dei mellombelse rammene set Helse Vest RFH krav til Helse Fonna om eit positivt resultat på 40 millionar kroner. Med ein styringsfart i år som viser eit akkumulert resultat per oktober som er 7,5 millionar lågare enn budsjett, blir det gjennomført omstillingar i 2017 for å nå resultatkravet.

– Administrasjonen har i budsjettprosessen har lagt stor vekt på involvering av leiarar, tillitsvalte og verneombod. Det er avgjerande for at vi skal nå måla i budsjettet, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Innsparingstiltak i budsjettet vil bli drøfta og gjennomført i tråd med retningsliner for endringsprosessar i Helse Fonna. Arbeidsmiljø, kvalitet og pasienttryggleik vil bli omsyntatt i det vidare arbeidet og det er ikkje planlagt at fast tilsette mister jobben.

– Dei tillitsvalte i Helse Fonna har bidratt sterkt i budsjettprosessen, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Førande for Helse Fonna sitt budsjett blir også nye oppgåver og økonomiske rammer som kjem med statsbudsjettet for 2017. Nokre av satsingsområda er kvalitet og pasienttryggleik, reduserte ventetider, pakkeforløp for kreftpasientar, rus og psykisk helsevern, fritt behandlingsval og fortsett samarbeid med kommunane. 

Investerer i heile føretaket


Helse Fonna investerer årleg i bygg, tekniske anlegg, medisinsk teknisk utstyr, IKT, køyretøy og anna utstyr for å sikre god og forsvarleg pasient­behandling og arbeidsforhold.

Styret vedtok å investere 27 millionar i bygg og tekniske anlegg i heile føretaket i 2017. 40 millionar kroner blir sett av til investering i nytt medisinsk teknisk utstyr som ny MR-maskin, dialysemaskinar og utskifting av utstyr ved føde/barsel.

Styret vedtok å sette investeringsnivået til totalt 140 millionar kroner i 2017 for å behalde likviditet investeringsevne. Dette inkluderer 60 millionar kroner til ByggHaugesund2020. 180 millionar av finansieringsgrunnlaget blir overført til 2018, med tanke på investering i nybygg.

Kven skal bygge framtidas sjukehus?


Utbygginga av Haugesund sjukehus skal starte i 2018. No i desember inviterer Helse Fonna til leverandørseminar for å skape merksemd og nysgjerrigheit rundt prosjektet. Seminaret blir arrangert saman med Sykehusbygg, Sweco, arkitektkontoret Momentum, OEC og NHO.

ByggHaugesund2020 er eit stort prosjekt som handlar om mykje meir enn nye veggar. Nytt bygg gir rom for å tenke annleis om pasientbehandling, samarbeid og arbeidsflyt. Målet er både betre pasientbehandling og meir effektiv drift. Gjennom ByggHaugesund2020 planlegg Helse Fonna ein gevinst på 45 millionar dei tre fyrste åra etter innflytting i nybygg. Derfor er nær 200 medarbeidarar med i prosjektarbeidet for å planlegge for god og effektiv bruk av både nybygget og lokala  som blir ledige i dei eksisterande bygningane.

– Prosjektet er i rute og det er eit stort engasjement blant både medarbeidarar og brukarar, med gode innspel og diskusjonar, seier administrerande direktør Olav Klausen.