Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2023:

Kortare ventetid og meir dagbehandling

Helse Fonna fekk eit stort underskot i 2023, men stadig fleire får behandling på dagtid, ventetida går ned, og kvaliteten i Helse Fonna er god.

Magne Kydland
Publisert 23.04.2024
Sist oppdatert 24.04.2024
En mann med briller
Styreleiar Petter Steen jr. er svært nøgd med at Helse Fonna har lukkast med å redusere ventetidene og auke talet på pasientar som kan få hjelp gjennom poliklinisk behandling. Han er også nøgd med at tal frå første kvartal tyder på at føretaket også er på rett veg økonomisk. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

25.135 døgnopphald, der 79 prosent var knytt til øyeblikkeleg hjelp.

23.505 av desse var innan somatikken, medan 1.630 døgnopphald var innan psykisk helsevern og rus.

Klinikk for kirurgi Haugesund hadde 8.871 døgnopphald, Klinikk for medisin Haugesund og Odda 9.115 (derav 1.163 ved Odda sjukehus) og Klinikk for somatikk Stord 5.562 døgnopphald.

Det vart gjennomført 8.830 dagbehandlingar i 2023. Talet på polikliniske konsultasjonar i Helse Fonna var 232.587 i 2023.

Desse tala er henta frå Helse Fonna si årsmelding for 2023, som vart behandla av styret tysdag.

– Samla går talet på døgnopphald ned, medan talet på dagbehandlingar og polikliniske konsultasjonar er aukande. Dette er ei ønskja utvikling, der ein større del av pasientane kan få utgreiing og behandling utan å bli lagt inn på sjukehuset, heiter det i årsmeldinga.

 

Ventetida går ned

Kvaliteten i behandlinga kan bli målt gjennom ei rekkje kvalitetsindikatorar. Desse gir eit uttrykk både for ventetider, del fristbrot og replanlegging av avtalar, og for resultatmål i behandlinga. Føretaket har mål om kontinuerleg forbetring av alle kvalitetsindikatorar og arbeider målretta med dette.

Føretaket hadde i 2023 ei gjennomsnittleg ventetid for behandla på 65 dagar.

Ventetidene for behandla har gått litt ned innan somatikk og litt opp innan psykisk helsevern og rus, samanlikna med 2022. Det har i 2023 vore eit omfattande arbeid med rydding i ventelister og tiltak for å redusere desse. Dette har gitt gode resultat, og ventetidene i føretaket har vore fallande i siste halvdel av 2023. Dette arbeidet vil fortsetje i 2024.

 Barne og ungdomspsykiatri har vore eit prioritert satsingsområde i føretaket over mange år i form av ressursar og fagleg utvikling. Både prosjektet Barn og Unges helseteneste og prosjektet «Kva no» er initiert for å gi betre forløp og raskare tilgang til behandling og oppfølging.

Det var i fjor 3.573 fristbrot for behandla pasientar.

– Talet på fristbrot for ventande har i løpet av året blitt meir enn halvert, og me ventar at dette skal føre til at talet på fristbrot for behandla etter kvart også blir redusert monaleg, heiter det i årsmeldinga.

 

Skårar høgt på kvalitet

Helse Fonna skårar høgt på fleire av dei nasjonale kvalitetsindikatorane for pasientbehandling. Spesielt gledeleg er det at me har jamt over gode resultat innan kreftbehandling. Som døme kan trekkjast fram overleving etter prostatakreft, tjukk- og endetarmskreft og lungekreft, der resultata er mellom dei beste i landet. Innan pakkeforløp for kreft har føretaket eit samla resultat frå tid start pakkeforløp til start behandling på 73 prosent, som er over målsetjinga på 70 prosent.

– Måloppnåinga varierer mykje mellom ulike kreftformer, og vi når ikkje målet om 70 prosent innan alle fagområda. Mykje av dette skuldast ventetid på avanserte undersøkingar for persontilpassa behandling, som ikkje kan gjerast i eige føretak. Står det å lese i rapporten.

Føretaket har også i 2023 beste resultat nasjonalt for behandling av barne- og ungdomsdiabetes.

 

Stort underskot

Ser ein på økonomien, så var 2023 eit utfordrande år for Helse Fonna. Som tidlegare meldt enda ein til slutt på minus 184,1 millionar kroner.

– Frå eit budsjettert nullresultat gir dette eit negativt avvik samanlikna mot budsjett på 184 millionar kroner. Føretaket har som oppgåve å yte helsetenester innanfor ramma av tildelte ressursar (budsjett). Det er særskilt kostnader til medikamentet og kostnader til lønn og personal som syner stort avvik mot budsjettet, heiter det i årsmeldinga.

Styreleiar Petter Steen jr. er svært nøgd med at Helse Fonna har lukkast med å redusere ventetidene og auke talet på pasientar som kan få hjelp gjennom poliklinisk behandling.

– Dette er noko det har vore arbeidd målmedvite med. Det er negativt at det også i 2023 var eit underskot i drifta, men tal frå første kvartal 2024 syner at vi no er på rett veg. Tiltaka som er sette i verk, byrjar å få effekt. Vi må framleis jobba mot eit nullresultat i 2024, slår styreleiaren fast.

 

Les heile årsmeldinga og styresakene her: Styret - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)