Kortare ventetid ved bruk av inntakssamtale

Meir enn 1 av 4 pasientar med rett til helsehjelp i psykisk helsevern fekk kortare maksimal ventetid ved DPS når fristen var basert på ein inntakssamtale enn på berre tilvisinga.

Publisert 30.08.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

I dag blir om lag 20 prosent av alle tilvisingar til psykisk helsevern avviste. Regjeringa skriv i oppdragsdokumenta til dei regionale helseføretaka at det skal leggjast til rette for ein vurderingssamtale i tillegg til berre tilvisinga, særleg for born og unge når det er behov for rask avklaring.

No har eit forskingsnettverk, som består av forskarar frå Helse Fonna og to kommuneoverlegar, gjennomført ein studie som viser at inntakssamtale endra hastegraden for mange av pasientane som var viste til eit distriktpsykiatrisk senter (DPS).


Var usikre på førehand

I studien har forskarane samanlikna spesialistane sin forventa maksimale ventetid vurdert utifrå tilvisinga åleine, og vurdert etter samtale med pasienten. Studien blei publisert i BMC Health Service Research i juni, og resultata blei lagt fram på Nordisk kongress i allmennmedisin i sommar.

Studien er nyleg omtalt på Den norske legeforeningen si nettside.

For 54 prosent av tilvisingane  var den vurderte maksimale ventetida etter å ha snakka med pasienten den same som vurderinga ut ifrå tilvisinga åleine.

For 27 prosent av pasientane blei maksimal ventetid redusert (undervurdert) etter informasjon innhenta frå inntakssamtale med pasienten, samanlikna med vurderinga basert på berre henvisninga.

19 prosent av pasientane fikk lenger ventetid (overvurdert) når inntakssamtalen låg til grunn.

– Vi var veldig usikre på kva vi kunne forvente, og vi veit jo heller ikkje kva som er den mest korrekte vurderinga, seier førsteforfattar av studien, psykolog Marit Nymoen, til Den norske legeforeningen sitt forskingsnytt.

Marit Nymoen 2021 - foto Eirik Dankel_3.jpg

Doktorgrad: Studien er utført av forskarar frå Helse Fonna og to kommuneoverlegar, og er ein del av doktorgradarbeidet til Marit Nymoen. Foto: Eirik Dankel


Dataa i studien blei samla inn i månadane før pandemien og omfattar 264 tilvisingar til tre distriktspsykiatriske senter (DPS) i Noreg. Tilvisingane blei vurdert av psykiater og/eller psykologspesialist.

 

Kvaliteten ha​​​dde lite å seie

Forskarane vart i tillegg overraska over at det ikkje var noko skilnad i vurdert hastegrad mellom pasientar som hadde vore i psykisk helsevern i løpet av dei siste fem åra, og dei som blei tilvist for første gong.

I all hovudsak kom tilvisingane frå fastlegar. Forskarane vurderte også kvaliteten på tilvisingane, men her kunne ein ikkje forklare skilnader i vurdert maksimal ventetid.

–​ Vi har tenkt at kvaliteten på tilvising har mykje å seie, og at det var overraskande at tilvisingskvaliteten i det store og heile ikkje slo ut. Men dette er ikkje noko perfekt studie, og mange faktorarar kan påverke, presiserer Nymoen. Studien er ein del av doktorgradarbeidet til Nymoen, som til dagleg jobbar på BUP på Stord.

– I tillegg til tilstrekkeleg informasjon om pasienten, er delt forståing for når ein pasient bør bli tilvist og godt samarbeid med sjukehuset viktig. Pasientar som opplever at behovet for hjelp blir undervurdert må vite at dei kan klage og be om ny vurdering, eventuelt ei rehenvisning, seier Nymoen.


FAKTA FRÅ STUDIEN

  • Av i alt 456 tilvisingar til tre distriktspsykiatriske senter (DPS) hausten og vinteren 2019/2020, blei 125 avviste
  • 67 tilvisingar for pasientar med rett til helsehjelp blei ekskludert på grunn av manglande data
  • Dataa i studien er basert på tilvisingar for 264 pasientar over 18 år
  • 63 prosent av pasientane var kvinner
  • 81 prosent var yngre enn 45 år
  • 39 prosent hadde angst eller depresjon
  • 44 prosent hadde tidlegare fått behandling i psykisk helse​